Linn T. Sunne: Saiko

Hurra! Hurra for Kometbøkene til Samlaget og hurra for Linn T. Sunne! Vi treng fleire gode lettlesne bøker for ungdom, og med «Saiko» leverer Samlaget og Sunne nok ein gong. Førre boka vi fekk var «Blå blondie», og da som no handlar det om ei ung jente i krise, om forelsking og om å få kontroll over eige liv.

Jentene til Sunne endar aldri opp med dei gutane dei trudde dei skulle ende opp med. Dei har ikkje styring på vala sine. Katti i «Blå blondie» har ei kreftsjuk søster og strever med å finne ein eigen plass i familien, og guten ho er forelska i endar opp med venninna. Ella i «Saiko» lar seg presse til å gjere det stikk motsette av det ho eigentleg vil: Ho blir saman med rånaren Steinar i staden for den brunøygde Simon. Medan Katti etter kvart blir saman med ein annan og betre, og vinn kontrollen gjennom det, er Ella sin veg mot sjølvstyre langt tøffare.

Det startar ganske uskuldig, med eit spørsmål frå Saiko-Steinar:

«– Eg lurer på om du vil vere på ein måte … saman med meg. Vere med meg, men utan … kjærastegreier …
Dette er verkeleg far out. Saiko. Vil Steinar ha meg som liksomkjæraste? Tilbehør i bilen?»

Og så tar det ei hardare vending:

«Han dreg fram mobilen sin. Leitar fram eit bilete. Viser meg. Eg gispar.
– Tenk på det då, Ella.»

Ho er fanga, og det skal både dødsfall og fleire løyndomar til, før ho kan kjempe seg fri.

Linn T. Sunne skriv enkelt og godt. Ho utfordrar ikkje språkleg, men det tyder slett ikkje at ho undervurderar lesarane sine. Det kan vere krevjande å følgje Ella frå den typiske, roseraude tenåringsforelskinga og rett inn den alvorlege og komplekse røynda. Handlinga i «Saiko» er ikkje føreseieleg og romantisk, og godt er det.