Robert Muchamore: Flukta. Cherub 3

Omsett av: Øystein Rosse

Det Norske Samlaget

Då Robert Muchamore byrja skrive Cherub-serien, ønskte han å skrive nett ei slik bok han sjølv leita etter då han var tretten. Suksessen til serien, no omsett i tjuefem land og snart på film, er kanskje eit prov på at trettenåringar i dag og for tjue år sidan ikkje er så forskjellige. Dei vil ha store dosar spenning, personar å identifisere seg med og ein dæsj romantikk på toppen.

Flukta er det tredje Cherub-eventyret til trettenårige James Adams, og denne gongen er også veslesystera hans, Lauren på ti, med på farleg oppdrag. Cherub er ein superhemmeleg organisasjon som trenar barn opp til agentar, og James og Lauren blei rekrutterte då mora deira døydde. På sitt første felles oppdrag skal dei to søskena hjelpe sonen til ein av USAs mest ettersøkte forbrytarar, våpenhandlaren Jane Oxford, med å flykte frå høgrisikofengselet Arizona Max. Curtis Oxford er fjorten år og sit fengsla for drap, på sovesal med niogtjue andre livsfarlege ungdomskriminelle. James blir arrestert og dømt med falsk identitet, og som innsett i Arizona Max skal han prøve å bli ven med Curtis. Lauren skal hjelpe dei to gutane på utsida av murane, om dei klarer å rømme, og då håper MI5 og FBI at dei tre ungane skal føre dei til Jane Oxford og trettifem stolne presisjonsstyrte rakettar. Oppdraget er risikabelt frå første stund.

«Curtis Oxford hadde senga si ved inngangen, omgitt av sengene til dei tøffaste kvite fangane, som alle var snauskallar. Området rundt skåpa til desse typane fløymde over av personlege eigedelar. Fengselskleda såg skinande reine ut, og dei hadde også på seg merkeklede og merkesko, stikk i strid med fengselsreglane. Når ein nærma seg midten av cella, såg dei innsette stadig svakare ut heilt til ein kom til dei som såg verkeleg veike ut, og som ikkje åtte nokon ting anna enn fengselskleda dei gjekk og stod i.

Dei tomme sengene midt i cella markerte eit raseskilje. På den andre sida blei det snakka spansk på radiokanalane, og praten blant fangane gjekk også på spansk. Alle dei innsette var latinamerikanarar, og sengene inst i cella var ein gyllenbrun spegel av sengene ved døra. Der heldt dei største og verste til, og dei hadde reint undertøy og designarklede.»

James går rett inn i ein maktkamp, men klarer sjølvsagt oppdraget sitt – han er James Bond i meir enn namnet og agenttittelen. Han er bråkjekk og dumdristig, smart, rappkjefta og full av musklar, og han har ei jente i kvar hamn. Serien er likevel ikkje mannsjåvinistisk eller heilt utruverdig, for James Adams får seg alle dei smekkane som James Bond burde ha fått, både når han tek for stor risiko og når han ter seg som ein dritsekk. Han blir på mange måtar meir moden enn den eldre namnebror sin, fordi han etter kvart tek færre sjansar, og gir ære og respekt til dei jentene han samarbeidar med, og det er meir enn agent 007 nokon gong har fiksa.

Nynorskbok.no har allereie omtala dei to første bøkene som kom på norsk i denne serien, og til hausten kjem den fjerde boka, Drapet, på norsk. Omsetjar Øystein Rosse har eit svært arbeid framføre seg, for det er originalt tolv bøker i serien, og langt fleire bøker som fortel om historia og organisasjonen til barneagentane. Vi har mykje å gle oss til.