Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rakel Helmsdal, Kalle Güettler og Áslaug Jónsdóttir: Nei! sa Veslemonster & Store monster græt ikkje

Tekst: Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir
Illustrasjon: Áslaug Jónsdóttir
Omsetjing: Tove Bakke
Skald forlag

Dei to bøkene om Veslemonster og Storemonster er parallelle historier. I Nei! sa Veslemonster er det Veslemonster som fortel, mens i Store monster græt ikkje er det Storemonster som fører ordet. I begge forteljingane vil ikkje eg-personen leike med den andre: «Å nei! Det er Storemonster! Då opnar eg ikkje! Når Storemonster kjem blir ingenting moro lenger. Han skal alltid bestemme»,  tenkjer Veslemonster. «Å nei! Det er Veslemonster! Han vil eg ikkje leike med. Når Veslemonster kjem veit han alltid best»,  tenkjer Storemonster. Veslemonster er redd for å setje grenser, og Storemonster er redd for å ikkje strekke til.

Dette er stramt komponerte bøker, med gjentaket som viktigaste verkemiddel, men teksten er likevel underhaldande og lettbeint. Illustrasjonane er leikne og uttrykksfulle, og dei støttar opp om og utfyller teksten. Slik er dette bøker som eignar seg fantastisk godt til lesetrening, samtidig som dei er gode samtalebøker.

Relasjonen mellom Veslemonster og Storemonster er gjenkjenneleg og pedagogisk framstilt. Her lærer Veslemonster å seie NEI når han ikkje vil noko, og Storemonster lærer at han også har kunnskapar å lære frå seg, i tillegg til at han har lov å gråte om han treng det. Begge bøkene handlar om kor viktig det er å snakke saman, og fortelje kvarandre korleis ein har det inni seg.

Bøkene om Veslemonster og Storemonster er omsette frå islandsk, men dei kunne like gjerne vore omsette frå svensk eller færøysk. Svenske Kalle Güettler, færøyske Rakel Helmsdal og islandske Áslaug Jónsdottir har samarbeidd om serien, og alle bøkene kjem ut parallelt i dei tre landa. Det uvanlege samarbeidet har gitt gode resultat – til no har det kome ut seks viltre bøker om dei to monstervenene.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6