Solveig Blindheim Bendixen: Teo i trøbbel

Mangschou

«– Du sa du kunne symje! Og det kan du ikkje!
– Men eg kan det! Eg kan symje!
Teo begynte å gråte. Mest fordi han angra på at han hadde sagt at han kunne symje. No var det for seint»

Teo er førsteklassing og som førsteklassingar flest er han spent og usikker på korleis skulen skal bli. Det nifsaste av alt er symjetimane. Teo er fast bestemt på at han ikkje skal vere på skulen den dagen det blir symjing. Men han roter det til for seg sjølve, for han veit ikkje heilt når timen er, og han kjem i skade for å seie at symje, det kan han, og så går det som det må – gale.

Teo i trøbbel er ei kort og lettlesen forteljing for småtrinnet, skriven av debutant Solveig Blindheim Bendixen. Ho er sjølv lærar og har sikkert observert mange situasjonar som liknar på trøbbelet til Teo. Ho skriv seg truverdig inn i korleis han opplever verda, og slik treffer ho målgruppa si godt. Samstundes skriv ho om tema som mange lærarar i første klasse treng å snakke om, og dermed er det også ei bok som eignar seg godt for høgtlesing. Her kan det bli mange fine samtalar i etterkant, om løgn, redsle – og språk.

Språket er ein stor del av problemet til Teo. Han veit ikkje kva «veke» tyder, og da veit han heller ikkje kva det vil seie at dei skal ha «symjing kvar veke». Bendixen er glitrande når ho skildrar korleis Teo utviklar si forståing av ordet. Er ei veke noko på himmelen? Eller er det som veiken på eit stearinlys? Er det veke heile tida eller berre av og til? Teo spør, men det tek tid å få skikkelege svar. Dei vaksne er imøtekommande, men travle, og dei forstår ikkje problemstillinga.

Teo i trøbbel er ei forteljing, ikkje berre om å vere redd for vatnet, men også om korleis vi vaksne snakkar til barn, og korleis barn snakkar til kvarandre, og korleis løgn og misforståingar ofte kan vere skrekkeleg like.