Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby: Draumar

Samlaget 2011

Denne biletboka tek oss med inn på soverommet til eit syskenpar som nett har lagt seg. I overkøya ligg ein storebror og i underkøya ligg ei veslesyster som ikkje får sove. Ho er redd for draumane. Då er det godt å ha ein storebror:

– Draumar treng ikkje vera vonde, seier storebror. – Dei kan vera gode.
– Er dine gode? spør nede.
– Gode og betre enn det, svarar oppe.

Etter denne trøystande kommentaren byrjar storebroren å fortelje. Han diktar i veg om kjekke ting dei to syskena skal gjere i lag, og historia er full av fantasi og tankesprang, slik forteljingane til barn ofte er. Ved hjelp av fantasien forlet både lesaren og syskena soverommet, og forteljinga til storebroren blir hovudforteljinga i boka.

Forteljinga startar med at dei skal på ferie med campingvogn, men det er ikkje snakk om ferie i vanleg forstand. Storebroren fortel: «Du og eg sit framme, eg køyrer. Du vel musikk, drikk sitronbrus og må tisse. Det finst ikkje do på tur, berre skog og mose. Du trur ikkje at du tør, men det gjer du.»

Og der i skogen møter dei to syskena sjølvsagt elgen, skogens konge, som gir dei eit oppdrag. Det er nemleg slik at sonen hans, elgprinsen, er fortapt forelska i ei sjiraffjente i dyreparken, og er «fullstendig forsvunnen». Dyreparken blir difor neste stopp, og slik går det slag i slag. Turen går til månen og tilbake, til Syden og heim, og dei møter både den kjende hunden Laika, ein mann ved namn Buzz, og ein trollmann som tryllar fram deira eiga oldemor i miniformat.

Boka har artige illustrasjonar og eit variert og til tider poetisk språk. I bileta er det detaljar som er morosame både for barn og vaksne, og språket forsterkar dei ulike stemningane i historia.

Storebroren avsluttar historia med å fortelje korleis det er når dei kjem heim frå denne fantastiske reisa: «Vi er heime. Det er natt. Det er pysj og pute og eg og du. Og du er ikkje redd for å sova. Det er gode draumar.» På biletet ser vi ei sovande veslesyster og ein storebror som ser ned på henne og smiler. På nattbordet ser vi nokre av tinga dei fann på reisa; ein månestein og ein konkyle. No kan storebror sløkkje lyset. Veslesystera er trygg.

Alle menneske kan kjenne seg igjen i denne boka, tenkjer eg. Vi har alle hatt fæle draumar, og vi har alle kjent oss urolege og hatt vanskar med å sove. Nokre av oss har kanskje òg lege i ei overkøy og prøvd å trøste ei veslesyster eller ein veslebror, eller kanskje opplevd å liggje i underkøya og få omsorg frå ein som er eldre. Boka er truverdig, synest eg, og gir lesaren ei fantasifull reise, og til slutt ei god og rolig kjensle. Vi smiler saman med storebror, og er glade for at veslesystera ikkje er redd lenger.

Alt i alt er dette ei bok med mange fine kvalitetar. Boka eignar seg nok spesielt godt på sengekanten, men eg ser for meg at ho kan passe i barnehagen òg, kanskje som ein inngang til å snakke om det å vere (mørke)redd?

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6