Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Hans Sande og Stina Langlo Ørdal: Arkimedes og snøballen

Arkimedes_og_snoballenISBN: 9788205422711

Utgjevar: Gyldendal Norsk Forlag

Pappa og Evreka og Arkimedes er på Sardinia. Dei har segla dit på verdas største snøball, heile vegen frå Noreg. Syntest du det høyrest vilt ut? Då må du halde deg for øyra no: den slu italienaren Luskoni kjøper den digre snøballen av pappa for ti millionar. Og Pappa sel meir enn gjerne. Men sola steiker og snøballen blir halvert, og pappa og Evreka og Arkimedes blir kasta i fengsel. Då får pappa ein skikkeleg oppfinnar-idé – kva med å selje snø på boks? GENIALT, syntest Luskoni. Ikkje fullt så smart, syntest Evreka. Ho er trøytt på heile Italia og Luskoni og vil heim. Men blir pappa med, skal tru? Siste bok i den elleville og prislønte serien om Evreka og Arkimedes, no illustrert av Stina Langlo Ørdal.

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6