Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Camilla Lundsten: Veslefantens reknebok

Det norske samlaget 2011

Veslefanten er ein liten raud elefant som er hovudperson i ein serie småbarnsbøker med titlar som Endelig god natt! og Endelig småsøsken! Veslefantens reknebok skil seg frå dei tidlegare bøkene på mange måtar, men det er ingen tvil om at også dette er ei bok med fine kvalitetar som passar for dei yngre barna.

Boka er ikkje ei vanleg historie om Veslefanten, men fungerer som ei aktivitetsbok som tek for seg tala frå 1 til 10. På det aller første oppslaget ser vi butikken til Veslefanten. Han sel mellom anna rettferdige bananar, kortreiste jordbær og glade pølser. På denne sida finn vi eit spørsmål: Kva kostar tinga i butikken? Men boka følgjer ikkje opp denne butikkscena, for oppslaga som følgjer handlar om mykje anna enn det som er i butikken. Kvart oppslag tek for seg eitt av tala, stiller spørsmål om både tal, fargar og former, og inviterer lesaren til å tenkje sjølv.

Om vi tek oppslaget om talet seks som døme, kan vi få eit inntrykk av korleis teksten fungerer. På venstre side av oppslaget ser vi eit bilete av ein krokodille som pussar tenner, og teksten er formulert som spørsmål: «Kor mange tenner har krokodillen Krux? Kor mange tenner har du? Kva for farge har tannbørsten din?» På neste oppslag er det bilete av is og snop. Teksten seier: «Krokodillen Krux liker søte ting. Kva finst det seks av? Kva for ting er heilt like? Kva må du gjere når du har ete sukker? Børste tennene!» Vi ser altså at barnet får spørsmål av ulik vanskegrad, og at spørsmåla i samspel med bileta skaper ein morosam, leikande heilskap. Her er det ikkje berre fasitsvar som tel, og det er lov å le av ein krokodille med tannbørste og sukkerhunger.

Mot slutten av boka blir alle tala presenterte i eit oppslag, og så kjem eit nytt steg på vanskegradsskalaen. «Kan du rekne?» spør teksten, og på oppslaget er det laga til ei rekkje reknestykke. Du kan til dømes prøve å finne ut kva tre isar kostar til saman, når alle kostar 2 kroner kvar. Eller kva om du skal kjøpe ei gulrot til 2 kroner og ein synt til 6 kroner? Det aller siste oppslaget er ved første augekast likt det første i boka; vi ser igjen butikken til Veslefanten. Men, no er mange av varene selde. Det er til dømes heilt tomt for is og jordbær, og det er berre éin rettferdig banan att. Og teksten spør: «Kan du sjå kva som er selt?»

Fargerik og fabulerande

Veslefantens reknebok har eit relativt stort format, og ho har vanlege ark mellom dei stive permane. Dette signaliserer at boka er retta mot dei litt eldre barna, i motsetnad til serien om Veslefanten, som har eit lite format og stive ark. Også innhaldet i boka krev meir av barnelesaren. Det er tal, samanlikning, måling og kategorisering som er temaet i denne boka, og det utspelar seg på ein fargerik og fabulerande måte. Barnelesaren blir utfordra på ein leikande måte.

Det aller beste med Veslefantens reknebok er etter mi meining at det er ei bok som barna kan vekse med. Boka kan vere kjekk for eit lite barn som likar å peike på bilete og namngi det dei ser, men den er kanskje enda kjekkare når barnet blir eldre og ein kan gjere lesinga meir avansert ved å spørje om fargar og tal – og altså til slutt om rekning. Dei fargerike illustrasjonane og dei humoristiske innslaga gjer dette til ei bok som er kjekk og lærerik – i den rekkjefølgja.

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6