Aina Basso: Inn i elden

Det Norske Samlaget

I eit europeisk perspektiv er det norske talet for heksebål lågt, men eitt fylke står i ei særstilling. Inn i elden hentar handling frå dette fylket. Boka handlar om den såkalla «kjedeprosessen» i 1620–1621 i Finnmark

Lesaren får møte ungjenta Dorothe, som vert gifta bort til dobbelt så gamle seigneur Johann Beyer. Dorothe er ei uglad brud, men etter kvart veks kjærleiken fram, for Johann er ein snill mann. Sjølv om han har eit uhyggeleg arbeid. Han er fut i Finnmark, og har som oppgåve å «finne djevelens disiplar og straffe dei», og «forhindre at andre lèt seg lokke til same ugudelegdom».

Ikkje langt unna garden til dei nygifte bur Elen, dotter til ei kone som veit korleis ein stoggar blod. Elen får lære kunsten, men kjenner på ei slags uro. Uroa er ikkje ugrunna, for ein dag vert mora arrestert for hekseri. Kort etter kjem også Elen til å avsløre seg sjølv som trollkyndig – ho rotar seg nemleg inn på garden til futen same dag som den gravide Dorothe byrjar å blø. Elen stoggar blod og reddar liv – men slik vert hennar eige liv sett i fare.

Inn i elden er ei opprivande bok. Det at historikar Aina Basso nyttar verkelege hendingar og personar, originale svartebøker og rettsprotokollar, gjer boka enda meir inntrykkssterk. Ho skildrar eit beksvart kapittel i norsk historie. Men forteljinga vert aldri til noka eindimensjonal skrekkhistorie. Johann er til dømes ingen kald mann som ikkje har rom for tvil, men eit menneske som fryktar vondskapen og oppriktig freistar å nedkjempe han. Dorothe er også livredd – ho kjem jo i direkte kontakt med ei jente som så vert avslørt som trollkyndig. Det er særleg gjennom skildringa av Dorothe at Basso gjer det mogleg for lesaren å forstå trolldomsfrykta som herja Finnmark.

Aina Basso skriv lyrisk og originalt, suggererande og effektivt. Dette bidreg til å gjere boka skummel som ein grøssar, men han vert aldri spekulativ. Forfattaren styrer unna all form for romantisering, og slik bør det vere. Trolldomsprosessane handla om liding, fattigdom, maktovergrep og misbruk av religion. Inn i elden bidreg til auka kunnskap om dette.

Utdrag frå boka