Nhu Diep: Bronto Biff på Café Olala

Det Norske Samlaget

Bronto Biff er ein uvanleg dinosaur. Han har berre svart mat i kjøleskapet. No er det vel ikkje så vanleg at dinosaurar held seg med kjøleskap, men her er poenget at Bronto Biff har eit underleg og einsidig kosthald. Ikkje et han plantar og ikkje et han kjøt – berre den evinnelege, svarte maten.

Men slikt blir ein jo lei av til slutt. Bronto Biff gjer heilomvending, går på restaurant og glefsar i seg alt dei har på menyen. Det er herleg! Men magen er ikkje heilt klar for eit så stort lass med mat.

Det er nok mykje å kjenne seg att i for både vaksne og barn i denne forteljinga. Mange barn er kresne, og det kan vere ei utfordring for dei vaksne å få ungane til å teste nye ting. Dessutan er det ikkje alltid lett å vite kor store steg ein skal ta av gongen. Boka syner kor viktig og stimulerande det er å driste seg utpå noko nytt, men også kor avgjerande det er å ikkje gape over for mykje på ein gong – bokstaveleg talt.

Sjølve boka syner denne balansegangen på ein god måte. Nhu Diep er ikkje redd for å utfordre dei små, og dei sprelske illustrasjonane er ofte meir komplekse enn det som er vanleg i bøker for dei minste. Her er grove og «rotete» strekar, svimlande perspektiv og overraskande vinklingar. Samstundes er bileta både naivistiske og klåre – utan for mange detaljar. Diep kommuniserer godt med målgruppa, og det gjeld også på tekstplan.

Tematikken i seg sjølv treffer dessutan godt. Fargar, mat – og ikkje minst bæsj – er noko småungar flest er opptekne av. Det er ikkje rart at desse motiva har stor plass i barnelitteraturen, og hemningslaus eting er eit tema i mange bøker. Nhu Diep utforska det allereie i debutboka Lille Ting spiser, som handlar om ei grådig jente som et både mat og bokstavar. Med boka om Bronto Biff kjem forfattaren enda nærare inn på dei konkrete utfordringane små barn har når dei orienterer seg i matverda – og sørgjer sjølvsagt for at lesaren får seg ein god latter undervegs.

Utdrag frå boka: