Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Øystein Runde: Elefanten Tommy

Runde_ElefantenTommyFrå 3 år, men dette er også ei allalderbok

«Elefanten Tommy har vondt», opnar boka med. «Det er vondt i magen hans, i knoklane og i snabelen hans». Og me vert møtte av teikninga av ein ganske stussleg liten elefant. Når ein har vondt i heile seg og attpåtil er trøytt og lei av å ha det vondt, byrjar ein fort å tenkja på døden. Det veit alle som har hatt influensa. Slik er det òg med elefanten Tommy. Forresten, sjølv om han vert omtala som ein elefant som har gått bort frå flokken sin og me ser at han lever mellom tre i skogen, liknar han nok mest på ein kosedyrelefant, men ein med eit svært uttrykksfullt andlet og kroppsspråk. Det inviterer til både innleving og medkjensle.

Me fylgjer tankane til Tommy om kva som vil skje med han når han er død: «Kjem det til å kitle når makk og moldvarpar kravlar gjennom jorda som er meg?», tenkjer Tommy, medan me ser konturane av ein smilande, kilen elefant i jorda, som ein liten moldvarp kravlar gjennom. Dette kan jo høyrast makabert ut, men er teikna med ein så venleg strek at det mest verkar koseleg. Tommy tenkjer òg på korleis plantane kan henta krefter frå den jorda som har vore ein elefant og om det tyder at han, elefanten Tommy, kjem til å vera i plantene? Det siste skjønar me av teikningane at han ser føre seg som ein prestekrage med snabel og elefantøyro. Det må ein jo nesten smila av. Det kan sjå ut til at elefanten også greier å trøysta seg sjølv med å fabulera over korleis det vert når han er død, for han sovnar til slutt, og neste dag er alt annleis.

Dette er ei høgtlesingsbok som talar både til barnet og den vaksne. Elefanten Tommy er ein figur det er lett å identifisera seg med for ungar, og historia er grei å fylgja for ein tre-fireåring. Også den vaksne finn ting å kjenna att og smila litt av, som tankane om døden som fort kjem når ein har vondt, eller at elefanten syng «Fager kveldssol smiler» for å trøysta seg sjølv. Og det kan vera fint for vaksne og barn å vera saman om ein tekst som dveler ved kjensler som å ha det vondt og vera sjuk, einsam og tenkja på døden, men samstundes inneheld ein venleg humor som mildnar det heile. Og, SPOILER ALERT, heilt til slutt får til og med elefanten Tommy ein ven.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6