Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lene Kaaberbøl: Villheks – Eldprøva

Det Norske Samlaget
Omsett av Øystein Rosse

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 33–39)

Katten sto midt i trappa, og han ville ikkje flytte seg.

Det var den største katten eg hadde sett i heile mitt liv [… ] Auga hans lyste neongult i halvmørket i kjellarnedgangen.

Slik opnar Lene Kaaberbøls nye serie om heksejenta Clara. Noko av det Kaaberbøl gjer best, er å hekte lesaren heilt frå starten av, og det demonstrerer ho her – ved å kaste oss rett inn i ei scene der ein enorm heksekatt går til åtak på ei heilt vanleg jente.

Vel, heilt vanleg er altså ikkje Clara, det viser seg at ho har arva heksekrefter som ligg i slekta. Dei kjem ikkje frå mora, men mora skjønar fort kva som er på ferde, og køyrer dottera til eit hus langt inne i skogen. Der bur Isa, Clara si tante. Ho er villheks.

Mykje tyder på at Clara også er det, og difor treng ho opplæring. Ei ond, fallen villheks som vert kalla Kimæra, er nemleg ute etter Clara. No gjeld det at Clara lærer å verje seg fort som fy!

Det går sjølvsagt ikkje betre enn at Clara kjem under åtak før ho er klar. Og så – i kjølvatnet av Kimæra sitt nesten dødelege åtak – må ho bevise for hekserådet at ho verkeleg er ei ekte villheks. Ho må igjennom eldprøva. Og ho er hard.

Hekseri, utvalde barn, trolldomsopplæring og parallelle røyndomar– alt er velbrukte motiv i barnelitteraturen. Og det er ikkje hovudsakeleg på grunn av originaliteten at dette vert ei god bok. Det er Kaaberbøl sin suverene sans for komposisjon som gjer denne romanen så fengslande. Spenningskurva er presist utmeisla, med fleire dramatiske toppar og tilstrekkeleg med kvileskjær. Ein solid cliffhanger som opnar for meir spenning i neste bok (den som trur Kimæra er lett å knekke, får tru om igjen), er også på plass. Det lover godt.

Eldprøva er ei uhyggjeleg bok – godt eigna til å skape gåsehud og grøss. Dette heng i stor grad saman med språket. Eg frys i alle fall på ryggen av dette:

Så kom det plutseleg eit vindkast som feia tåka vekk. Eller iallfall noko av tåka. Det var som om det blei ein tunnel i ho, ein grasstig med tåketak og tåkeveggar. Og bortover den stigen kom det noko.

Det var ikkje eit menneske.  Eg har iallfall aldri sett eit menneske med venger som ragar eit par meter opp over hovudet […] Dei hang ned langs ryggen hennar, ikkje kvite slik eg hadde førestelt meg det, men brune og grå som rovfuglvenger.

Ansiktet hennar var også smalt som eit fugleansikt, med ei spiss hake og ein spiss nase som stakk fram nesten som eit nebb. Og auga hennar var gneistrande gule. Det veit eg, for ho såg rett på meg.

Boka er likevel ikkje for skummel for dei yngste i målgruppa (forlaget skriv 10 år), og det er nok av koselege scener som balanserer ut det nifse. Ein viktig del av det å vere villheks, er nemleg å ha kjærleik for dyr. Etter å ha lese denne boka, er eg eitt steg nærare å gjere alvor av planane om å skaffe meg katt. Kanskje ikkje ein så stor ein som den som gjer krav på Clara, men likevel. Svart må han vere. 

Utdrag frå boka

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12