Moni Nilsson og Per Gustavsson: Kompisen er for liten & Kompisen lengtar

Av Moni Nilsson (tekst) og Per Gustavsson (illustrasjon)
Omsette av Ragnar Hovland
Det Norske Samlaget

Moni Nilsson, best kjend for bøkene om Tsatsiki, kjem no med ein ny biletbokserie om veslejenta Olivia og bamsen hennar, Kompisen. Som ein kan høyre på bamsenamnet – det handlar om venskap.

Det er ikkje alltid så greitt å vere vener når den eine er liten og den andre er stor, ser vi i Kompisen er for liten. Det er jo ikkje sikkert at den eine får lov til det den andre får lov til, og nokre gonger vil den som er stor bestemme mykje meir enn den som er liten. Slik er det ofte mellom Olivia og Kompisen.

Ingen bryr seg om kva Kompisen seier.
Små får ikkje bestemme

Olivia veit å nytte makta si:

– Du er berre ein liten fis.
– Eg er ingen liten fis, seier Kompisen surt.
– Jo-o, seier Olivia. Det viser målebandet. Faktisk.

Men Kompisen og Olivia er gode vener til vanleg. I Kompisen lengtar handlar det om korleis han går i djup sorg når ho skal reise bort og han ikkje får vere med. Kompisen er så glad i ho at ho lèt etter seg eit hòl i han.

Tida går så sakte
når ein lengtar.
Ho tikkar ikkje i
det heile.

Det vert eit langt og tungt døger for Kompisen før Olivia kjem tilbake, men då har han heldigvis lært noko viktig. Når ein har ein ven, er ein aldri einsam.

Då har ein alltid nokon å lengte etter.
Heldigvis.

Heldigvis kan vener også krangle utan å verte uvener for alltid, slik vi ser i Kompisen er for liten. Etter at Olivia har hersa ei stund med Kompisen og sagt at han er for liten, greier han å setje grenser og få ho til å innsjå at han faktisk er ganske stor og modig:

No er du eigentleg ikkje for liten.

Både Kompisen er for liten og Kompisen lengtar kastar lys over den skiftande dynamikken som finst i djupe venskapar.  Også gode vener kan trakke over grensene til kvarandre, og då er det viktig at ein greier å seie ifrå, gjere opp og lære av opplevingane. Ein må også lære seg sjølvstende, og vere villig til å gi slipp på den andre.

Bøkene rommar også morosame skråblikk på det spesielle forholdet barn kan ha til kosedyr – ein vågar seg jo gjerne ut på fleire rampestrekar viss ein har ein teddybjørn å gøyme seg bak eller «samarbeide» med, og det kan verte lettare å takle kjensla av urettferd i møte med reglar og vaksenmakt viss ein kan projisere over på kosedyret.

Bileta til den velkjende illustratøren Per Gustavsson korresponderer godt med teksten. Dei syner stort sett det same som det vert fortald om i teksten, og tener til å underbyggje poenga til forfattaren. Gustavsson nyttar lange, bogne liner, skeive perspektiv og store flatar, fargane er varme og ansikta uttrykksfulle. Resultatet er bilete som det er lett for den unge lesaren å orientere seg i.

Saman har Moni Nilsson og Per Gustavsson skapa eit koseleg radarpar som eg håpar å få lese fleire bøker om.