Robert Muchamore: Drapet

Drapet er fjerde boka i den spanande serien frå Robert Muchamore om dei unge, men beinharde Cherub-agentane. Det er berre å feste sikkerheitsbeltet og gi seg i kast med Londons kriminelle undergrunn:

Dei rasa forbi t-banestasjonen i hundre og femti kilometer i timen.

«Det vil vere eit under viss vi kjem oss unna utan at purken tek oss», sa Dave. «Og eg gir blaffen i kor mykje Leon tilbyr, eller kva det betyr for oppdraget, men eg stel ikkje fleire bilar.»

«Ikkje eg heller», sa James, og kasta eit engsteleg blikk over skuldra for å sjå om dei hadde purken etter seg.

Muchamore har lukkast med å skape ein avhengig lesarskare. I Drapet får vi servert mykje meir av dei smarte ingrediensane som har gjort dei førre bøkene såpass suksessfulle. Dei hemmelege agentane James og Dave kjenner vi godt frå dei tidlegare bøkene, så det er ikkje på eit karakternivå spaninga ligg når ei ny bok kjem i denne serien.

Samvitslause handlingar
Spaninga oppstår først når agentane infiltrerer Londons brokete austkant og miljøet til den farlege kjeltringen Leon. Han er sjefen for Tarasov-dynastiet, som har mange skattekroner og grå politihår på samvitet. Og kva skjedde i røynda med guten som visste for mykje og som ved eit uhell «fall» ned frå eit tak og døydde?

James og Leon må late som dei er problembarn som gjerne vil jobbe for dynastiet. Men finst det ikkje grenser for kva handlingar dei kan utføre?

Bakkekontakt
I Drapet møter vi litt forenkla framstilt resultatet av ein feilslått integrerings- og sosialpolitikk i England, der vanskelegstilte ungdomsgjengar på austkanten går på tomgang gatelangs, og der terskelen for å bli med i vinningskriminelle miljø er mindre enn han burde vere.

Men det er ein balanse her, og lesaren får også innblikk i politistyrkane og deira daglege kamp med å takle den omfattande undergrunnskriminaliteten. Det viser seg at heller ikkje alle i politiet har reint mjøl i posen sin, så kven skal ein då stole på? Svaret er: Cherub-agentane, vel!

Forelsking høyrer med
At James og Dave skal infiltrere denne livsfarlege og mafialiknande familien, verkar som eit potensielt svært tøft oppdrag. Noko som bidreg til å gjere det heile litt meir fornøyeleg, er at James forelskar seg så smått i dottera til dynastisjefen Tarasov. Det er vel lov det, når han i førekant har roke uklar med Kerry heime, eller?

Gjennom sikkerheitsglaset i døra såg James henne kome ned trappa. Først eit par kjipp-kjappar og fiolettlakka tånegler på det øvste trinnet. Brune bein og eit lite dongeriskjørt dukka opp då ho kom lenger ned. Ho sende James eit stort smil gjennom glaset og gjorde eit kast med det lange håret då ho låste opp.

I boka vert London-miljøet skildra med sosialrealistisk innsikt og med driv i dialogen. Spørsmålet er: Klarer å James og Leon å skaffe bevis utan å bli avslørte? Berre i korte augneblinkar får lesaren høve til å puste mellom slaga, og det er slik det skal og må vere! På eit blunk er ein ferdig med boka, mykje takka vere Øystein Rosse si gode nynorskomsetjing.

Ungdomsbokforfattaren Muchamore har vunne fleire internasjonale prisar for forfattarskapen sin, og Cherub-serien har kome i 13 bøker på originalspråket. Det er med andre ord berre å glede seg framover.