Atle Hansen: Amanda sin medisin

Teikna av Inger Lise Belsvik

Amanda sin medisin er ei bok i Leseløve-serien. Bøkene i denne serien har korte linjer og stor skrift, og er lette å lese. Dei passar godt for barn frå sju år som kan lese sjølve. Boka kan passe godt for å lese på eiga hand, men ho har handling, driv og språklege kvalitetar som gjer henne eigna for høgtlesing òg.

Denne boka, Amanda sin medisin, har eit tema som barn kan kjenne seg igjen i. Det handlar om å ikkje få leike med dei ein helst vil leike med. Og det handlar om å ha ein ven som berre finst i fantasien. Temaet vennskap er viktig for barn, og eg tenker at det er avgjerande at forfattar og illustratør ikkje tek for lett på det og tullar det bort, eller at dei skriv så realistisk og problematiserande at det blir humørlaust. Eg synest dei klarer denne balansegangen. Språket er rytmisk og rikt på dialog, og illustrasjonane eit rikt visuelt univers, der personane trer tydeleg fram.

Boka opnar med ein brutal scene: Amanda ringer på hos Josefine som ho likar så godt, og før døra blir opna høyrer Amanda at Josefine ropar til mor si: «Sei at eg ikkje er heime!» Mor til Josefine opnar døra halvt og overleverer løgna. Amanda høyrer gjennom døropninga at Josefine har besøk av Klara, og dei vil altså ikkje leike med henne.

Amanda spring skuffa heim, og den usynlege veninna Lovise freistar å trøyste henne med at både Josefine og Klara er stygge som padder. Men det er liksom ikkje hjelp i. Heldigvis har ho ei mor og ein far som trøystar og gir råd. Mora seier: «Du må ikkje bry deg om dei dumme jentene.» Faren seier: «Du må ikkje finna deg i slikt. Du må la dei smaka sin eigen medisin.» Kort fortalt handlar den vidare forteljinga om Amanda sitt forsøk på å ikkje bry seg, noko som viser seg å vere vanskeleg når ho til dømes blir ekskludert frå bursdagsselskapet til heltinna si, Josefine. Amanda går difor over på plan B, som handlar om å la dei smake sin eigen medisin.

Det er ei bok som opnar for innleving i korleis det er å vere den som blir sett utanfor. Boka minte meg om ei hending i min eigen tidlege barndom. Eg og syster mi hadde besøk av eit par veninner, og såg frå vindauget at ei anna lita jente vi kjende hadde sett kurs mot huset vårt. Vi bestemte oss for at vi ikkje ville leike med henne, og då ho ringte på, bad vi mor mi om å seie at vi ikkje var heime.  Men mor mi opna døra og sa: «Kom inn, kom inn!» Om kvelden fortalde mor mi om ein gong då ho var lita og skulle på besøk til ei veninne i gata. Ho stod på trappa med dokkevogna si, men også ho møtte ei mor som overleverte ei løgn, og måtte gå heim utan å få kome inn.

Eg hugsar at eg vart trist då mor mi fortalde. Eg forstod kor fælt det var å bli stengt ute på ein slik måte. Boka Amanda sin medisin fungerer på same måte som denne forteljinga: Ho gir barna innsikt gjennom innleving heller enn ved å moralisere. Dessutan opnar ho for at ein ikkje skal finne seg i alt. Det er lov å yte motstand mot dei som behandlar ein dårleg. Amanda hemnar seg. Om dette er rett eller gale, gir boka ikkje noko eintydig svar på.

Boka finst også som lydbok.