Lars Mæhle: Fuck Off I Love You

«Vi var fem gutar.
Ein skulle miste kjærasten. Ein skulle skamslå ein annan. Ein skulle dø.»

Slik begynner boka Fuck Off I Love You av Lars Mæhle. Det handlar om Vemund, som er 16 år. No står han med ein lighter i ein knusktørr åker. Han kjenner seg pressa av leiaren av kompisgjengen, Two-Face, til å tenne på. Han har sklidd heilt ut, og det er like før han gjer seg ansvarleg i hatkriminalitet.

Må han gjere som han blir fortalt av kompisane, eller kan han ta eit fritt val og velje ein annan veg? Mæhle skriv godt, med eit flytande og lett språk, men nærmar seg samstundes vanskelege og kompliserte spørsmål om mennesket sin reelle fridom til å ta eigne val.

I boka er Vemund ein ganske vanleg sekstenåring. Han kjenner seg veik og usikker i kompisgjengen, som soknar til eit litt røft treningsstudiomiljø. Han er òg forelska i Maria, men ho trekkjer seg unna når galningen Two-Face kjem heim frå fengsel. Han festar raskt eit jarngrep kring Vemund og kompisane sitt liv, med ytterleggåande raseideologi, valdstendensar og splitt-og-hersk-strategiar.

Vemund vert fanga i miljøet, sklir meir og meir ut, og han veit det sjølv. Han kjenner seg ikkje komfortabel i handlingane sine, men skjønar for seint at han verkeleg sit i fella: Snart har han jamvel blitt prakka på ei slags nasjonalistisk tatovering, og det at Two-Face kjøpte han ein dyr scooter, gjer at Vemund i etterkant ikkje tør å seie nei til å bli med på planane hans.

Det er lett for lesaren å ane konturane av noko tragisk som skal kome, for Two-Face er ein livsfarleg skapnad som har ein forvrengd og farleg logikk.

Lars Mæhle har i Fuck Off I Love You kome nærare inn på sosialpsykologiske mekanismar og faktorar som kan spele inn når ein ung gut sklir meir og meir ut og står på vippepunktet mellom å gjere det gode eller dårlege valet.

I boka har Vemund òg ei psykisk sjuk og etter kvart fråverande mor, og faren er ute av biletet for lenge sidan. Mangelen på gode førebilete verkar prekær – akkurat i ei tid der Vemund treng å bli sikker på kven han er, få sosial aksept og støtte.

Tankane mine dreiv av garde under lesinga. Heile tida pirka dei borti ei mental sårskorpe frå 22.07.2011, og tankar om ein gjerningsmann som på eitt eller anna tidspunkt sikkert var ein uskuldig liten gut med relativt vanlege familieproblem og sosiale utfordringar, og som så sklei ut og fjerna seg frå dei hine. Som Vemund i Fuck Off I Love You, var det kanskje ein særskild augneblink, ei spesiell handling, eitt vegskilje, der han framleis kunne ha valt å gjere noko anna?

Boka handlar om på mange måtar om dette vegskiljet, der eitt einaste val kan føre til at framtida anten svartnar for godt, eller at høgtrykket får himmelen ein stad langt borte i det fjerne til å lysne opp.

Spaninga mot slutten av boka er til å ta og kjenne på, og Vemund overraskar meg.

Eg likar godt korleis Mæhle i boka stiller spørsmålet om kva grunnlag ein treng for å kunne ta dei rette vala i livet, og motsett, kva som kan føre til at ein tek det aller første dårlege valet, i det som kan bli ein lang, mørk sti av feilsteg. Kvifor menneske handlar som dei gjer, blir som dei blir, kan ikkje alltid forklarast på ein positivistisk og matematisk måte med to strekar under svaret, noko Mæhle lukkast med å få fram her.