Solveig Blindheim Bendixen: Teo tar sjansen

Hurra! Her kjem den andre boka om førsteklassingen Teo! Denne gongen får vi vere med på SFO. Den nye klinkekulebana er det kjekkaste på heile SFO, synest Teo. Det er det fleire som synest, både jentene og dei store gutane i tredjeklasse.

I Teo tar sjansen kjenner vi att den spennande og artige forteljemåten frå første boka. I tillegg er det ein framståande kvalitet ved begge forteljingane kor nært forfattaren greier å la lesaren få komme hovudpersonen. Teo er truverdig til tusen i alt han tenkjer, seier og gjer.

– Eg har jobba med seksåringar i åresvis, det er ein så herleg og fasinerande alder. Då eg skulle skrive denne andre boka om Teo, ville eg at ho skulle handle om SFO. Eg spurde nokre av elevane mine kva som var aller kjekkast på SFO for tida, og fekk svaret: «Den nye klinkekulebana!» Forfattar Solveig Blindheim Bendixen er barneskulelærar i Ålesund kommune. – Teo er ikkje ein av elevane mine, det er det mange av dei som lurer på, han er vel heller ei god blanding alle, smiler ho. – Eg har alltid likt å skrive. Då borna mine var små, dikta eg gjerne små forteljingar til dei om vi ikkje fann noko vi hadde lyst til å lese, fortel Bendixen.

Når ho fortel dette kjem eg til å tenkje på korleis Vaffelhjarte av Maria Parr vart til. Det starta nemleg også med at ho dikta små forteljingar, til småsøskena, når ho skulle passe dei. Det er fleire trekk ved desse to små bøkene som får meg til å tenkje på Maria Parr si framstilling av sine karakterar. Sjølv om stilen er knappare og forteljingane mykje kortare, trer Teo like tydeleg og truverdig fram som Trille gjer, på ein måte som liknar. Vi kan le, vere modige, redde, undre oss og ta sjansen i lag med Teo. Det kvardagslege og realistiske miljøet er skildra så tett på eit barn sin SFO-kvardag som det må vere mogleg å komme i ein skjønnlitterær tekst.

«Kompromissløst, fantasifullt og humoristisk: fortellingen er så godt fortalt at jeg virkelig tror at Solveig Blindheim Bendixen er en forfatter for fremtiden!» Inger Østenstad var svært positiv i omtalen av første boka, Teo i Trøbbel, på nettstaden barnebokkritikk.no. Ho vert sikkert glad for å ha fått rett!