Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anna R. Folkestad: Unni og Gunni malar

Opplegg til boka:
Aktivitets- og fargeleggingsark – på denne sida finn de mellom anna fargeleggingsark med Unni og Gunni.

Unni og Gunni er to pingvinvener som likar å prøva nye ting.

Bøkene vert kalla peikebøker av forlaget, og me skjønar at omgrepslæring står sentralt: I Unni og Gunni malar er det fargane som skal lærast, og kva som skjer når me blandar dei. Trass den tydelege pedagogiske tendensen, er bøkene også fulle av tøys og moro, som paraplydrinkar og ein regnbogefarga iglo. Dessutan har dei to pingvinane noko uutgrundeleg ved seg som inviterer til samtale, både om kven som eigentleg er kven og om sinnsstemninga deira.

Bøkene er kanskje mest for dei minste, og ein struktur med enkle element som gjentek seg med litt variasjon for kvar gong, gjer det overkomeleg og spennande for to-treåringar å fylgja med. Likevel – også femåringen heime hjå meg let seg fascinera av måten boksidene vart brukte til fargeblanding på i Unni og Gunni malar. Anna Folkestad er ein barnebokskapar som veit å utnytta spenninga i å bla om til neste side.

Utdrag frå bøkene

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
9–12