Anna R. Folkestad: Unni og Gunni reiser

Unni og Gunni er to pingvinvener som likar å prøva nye ting. Medan dei ligg og slangar seg utanfor igloen sin med paraplydrinkar, seier Unni:

– Me burde på ein måte koma oss litt vekk.
– Einig, seier Gunni

Så finn dei fram det flygande teppet og dreg på tur.

Bøkene vert kalla peikebøker av forlaget, og me skjønar at omgrepslæring står sentralt: I Unni og Gunni reiser flyg pingvinane opp, ned, framover og bakover, rundt i ring, over, under og gjennom, før dei landar trygt heime hjå seg sjølve att. Og det var heile historia. Trass den tydelege pedagogiske tendensen, er bøkene også fulle av tøys og moro, som paraplydrinkar og skrikande måseflokkar. Dessutan har dei to pingvinane noko uutgrundeleg ved seg som inviterer til samtale, både om kven som eigentleg er kven og om sinnsstemninga deira.

Bøkene er kanskje mest for dei minste, og ein struktur med enkle element som gjentek seg med litt variasjon for kvar gong, gjer det overkomeleg og spennande for to-treåringar å fylgja med. Likevel – også femåringen heime hjå meg let seg fascinera av måten boksidene vart brukte. Anna Folkestad er ein barnebokskapar som veit å utnytta spenninga i å bla om til neste side.

Utdrag frå bøkene