Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Teresa Grøtan: Klara kan mykje rart om mat

Teresa Grøtan si bok Klara kan mykje rart om mat er ei kunnskapsrik bok som tek historia bak maten på alvor, og som viser at ein kan få til noko viss ein vil det nok.

I tre sommarferieveker skal Klara vere hos bestemor og hjelpe til i den vesle gardsbutikken hennar. Mykje rart kan skje på tre heile veker!

«Tenk alle kundane som kjem til å strøyme til for å kjøpe grønsaker og frukt og honning og dei søtaste og raudaste jordbæra i heile verda!» fantaserer Klara.

Oase av kunnskap
Men kundane let vente på seg, og det viser seg snart at Klara og bestemor må legge ein ny taktikk: Dei reiser rundt til kvalitetsprodusentar i nærleiken for å skaffe seg gode, lokale varer å selje.

På vegen samtalar Klara med den kunnskapsrike bestemora og produsentane dei møter langsmed. Ho lærer mellom anna om kvifor jordbær i røynda er ei falsk frukt, korleis honning blir til, om den spanande historia til kakaobønnene, om gjærkultur, bakteriekultur og bruk av kalvemage i meieriprodukt, og om e-stoff og kvifor LOVE HEARTS brusar i munnen.

Empatisk filosoferande
Klara kan mykje rart om mat er ei engasjerande forteljing som også lukkast intellektuelt, på den måten at ho stimulerer til nyfikne kring kva mat er for noko, korleis han blir produsert, og korleis han kan seljast. Boka tek også opp dette med kjæledyr og matdyr, kulturrelativisme og religionsskilnader. Klara spør:

«Kvifor er det slik at hundar får leve, men ikkje lam?»

Bestemor svarar:

«Flekk er eit kjæledyr. Ho lever saman med oss. Sauene er husdyr, dei har vi for å få kjøtt og ull. Men det er ikkje alle stader at hundar er kjæledyr. I Kina, for eksempel, der et dei hundar.»

Dette synest ikkje Klara er til å forstå:

«Et dei hundar! Er dette verkeleg sant? Klara kjenner nokre sinte tårer trenge seg fram i augekroken. Vil nokon verkeleg ete Flekk?»

Men attende til gardsbutikken: Korleis skal Klara få folk til å kjøpe varer hos dei? Formidling av kunnskap og historia til matvarene blir nøkkelen her også, og når eit turistskip legg til kai i bygda, er ikkje kvikke Klara sein om å mobilisere.

Klara kan mykje rart om mat er andre boka i serien om Klara, og er flott illustrert av Ella Okstad.

Utdrag frå boka

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6