Anna R. Folkestad: Unni og Gunni (appar)

No finst bøkene om dei to handlekraftige pingvinane Unni og Gunni som appar til nettbrett. Både Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar er tilgjengelege, og til og med den nye Unni og Gunni gjer det fint, som ikkje er komen på papir enno.

Pingvinane er seg sjølve også på nettbrett. Appane er fyrst og fremst bøker som les seg sjølve høgt, men det er også ting ein kan få til å skje på boksidene, og så er det lydeffektar som saftslurping og strikkepinneknitring. «Veldig gøy med den rullegardina, for då vart det heilt mørkt», seier Dagny, fem og eit halvt, om Unni og Gunni gjer det fint. «Og veldig gøy når Unni og Gunni rørte på seg». I tillegg kjem det med ein bilet-lotto om Unni og Gunni til kvar bok.

Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar har me skrive om før. Unni og Gunni gjer det fint fornyar pingvin-universet. Det startar med at dei konstaterer at det er litt tomt i huset deira. Det må dei gjera noko med, så dei fyller huset med slikt ein fyller hus med. Innreiinga skjer på ein pedagogisk og omgrepsfokusert måte, slik at ungar skal læra om langt og kort, høgt og lågt, gamalt og nytt, osb, og på den måten er også Unni og Gunni gjer det fint ei slags peikebok. Samstundes er boka ei historie om sambandet mellom interiørinteresse og familieetablering, som gjer pingvinane litt meir like oss menneske og gjev dei litt meir å spela på.