Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Øystein Runde: Bjartmann

Serieskaparen Øystein Runde har i mange år laga forteljingar med den uvyrdne, latekskledde kraftpluggen Bjartmann i hovudrolla. Bjartmann er ein superhelt med meir entusiasme enn vit, og heile utgjevinga bognar av rare innfall, intertekstuell leik og sprudlande humor. Bjartmann må handtera både genmanipulerte amøbar, e-postsvindlarar, t-trøyeseljarar, anorektiske motorsykkelgjengar og gigantiske tøffeldyr.

Seriar med Bjartmann har tidlegare vore på prent i månadsblad og antologiar, men no finst dei endeleg samla i bokform. Boka, som enkelt og greitt har fått tittelen Bjartmann, inneheld storparten av Bjartmann-forteljingane som har vore publiserte til no. I tillegg er det med forteljingar som er eksklusive for denne boka.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker