Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Christina Björk og Eva Eriksson: Prinsesser og drakar

Prinsesser og drakarFrå 3 år og oppover

Frå svensk ved Marit Kaldhol

I denne boka møter vi bestemte prinsesser i nye «prinsesseroller». Om de kjenner eventyr om drakar og prinsesser der draken vil røve prinsessa og ha henne i hola si, må de lese denne boka. Her er alt snudd på hovudet. Her har nemleg prinsessene kontroll på drakane. Her møter vi til dømes prinsesse Onetta som vil lære å sprute eld, og prinsesse Torinda som tek den mørkredde draken med ned i den mørke slottskjellaren.

I tekstane er det mykje humor og element som ein kjenner igjen frå eige liv. Moderne teknisk utstyr er fletta inn i eventyra på ein kreativ måte, og eventyra vekslar mellom det kvardagslege og det fantastiske. Her møter du prinsesse Lavendel med datamaskin og prinsesse Fresia med sparkesykkel. I tekstane finn ein bokstavrim, kvar prinsesse har eit namn som er knytt til ein av vekedagane, til dømes prinsesse Månestråle på Måndag og prinsesse Fresia på fredag

Boka innheld sju eventyr og høver godt som høgtlesing med eitt eventyr for kvar dag i veka. Illustrasjonane er i kjent eventyrstil med flotte prinsessekjolar og store drakar. I denne boka vil du kanskje verte overraska over prinsessene som opptrer i litt ukjent stil, men prinsesser med kontroll kan vi like!

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6