Ingunn Røyset: Prins Storm

Illustrert av Annlaug Auestad

Kva planet kjem eigentleg Prins Storm frå? Han har jo så bustete romvesen-hår!

I Ingunn Røyset og Annlaug Auestad si nye biletbok Prins Storm flyktar vesle Storm frå familieselskapet, som både vil børste og vaske bort dei strie flokane hans. Flukta frå såpetyranniet blir skildra frå veslegutens rebelske perspektiv, og det er ei svært spanande fantasiverd vi får lese om, i det Storm unndreg seg alle forsøk på å bli fanga.

Fargerike hamskifte
Kvart krumspring for å kome seg vekk frå overmakta blir i boka skapa om til eit nytt og eventyrleg tablå som Storm kan boltre seg på: Først skapar Storm seg om til ein sjørøvar, og kakespaden blir til eit våpen mot farmor, som vil kjemme sideskil. Storm skiftar stadig form på kvar side i boka: snart er han musketer, riddar og jeger:

«Storm kjenner eit brøl i brystet. Han skal vise dei. EN GARDE! Storm svingar seg i gardina med jaktkniven klar for hogg. Akkurat då ringer det på døra. Tante Turid har ikkje sett ein ekte Tarzan før.»

Prins Storm er ei utruleg fantete forteljing om ein liten, kreativ rabagast som nyttar alle høve til å gjere motstand mot realismen i kvardagen. Det er ei forteljing om ein fantasivind som skiftar retning rundt kvart eit hushjørne, ein gut som ikkje kan temjast. Galskapen i det heile er godt skildra av illustratør Auestad, som lukkast å gi intensitet og rørsle til forteljinga.

Alle mot ein
Storm leikar litt med syskenbarna som er komne på besøk, men dei er ingen match for han, og snart har han heile familieselskapet mot seg som eit klagekor:

«Cowboyen trekkjer pistolen og trugar med å skyte skremmeskot i taket om nokon nærmar seg.

– Vi gidd ikkje leike med han, surar Anastasia.
– Kva skal han med alt det håret, forresten.»

Ingen er på lag med Storm, og det vert til slutt litt for mange negative vibbar for han: Han og ein langhåra pus må trekkje seg attende og søkje tilflukt i garderobeskapet med tårer på spreng. Historia blir avslutta med at snille mor kjem til unnsetning og trøyster «vakre prinsen» sin og spør: «Er alle ekle med deg i dag?».

Endeleg kan Storm slappe av, men om han måtte gi etter og vaske håret, seier historia ingen ting om.

Utdrag frå boka: