Lars Mæhle: Knoterud FK (bokserie)

Mange etterlyser lettlesne bøker på nynorsk. I Leseløve-serien til Cappelen Damm har det i år kome ut tre bøker på nynorsk. Ei av dei er Knoterud FK i hardt vêr av Lars Mæhle, den nyaste utgjevinga i ein serie bøker om fotballaget Knoterud FK.

Serien skildrar det som truleg er det dårlegaste fotballaget i landet, og det er til no gjeve ut åtte bøker om Knoterud:

1. Knoterud FK erobrar verda
2. Knoterud FK og skatten på mørkeloftet
3. Knoterud FK – Venskapskampen
4. Knoterud FK – Ball med tal
5. Knoterud FK – Lokaloppgjeret
6. Knoterud FK mot Gamleheimen Old Boys
7. Knoterud FK i Norway Cup
8. Knoterud FK i hardt vêr

Bokserien, som til saman skal verta på ti bøker, fylgjer laget gjennom ein heil sesong. Johnny K, Renate, Sahir og dei andre spelarane er skildra med sjarm og humor, og det er mykje å kjenna seg att i her for unge fotballspelarar. Neste bok i serien kjem i 2013.