Helme Heine: Venner

VennerVennene som vi får lese om i denne boka er hanen Herman Hanekrone, grisen Svein Slafs og musa Mattis Musevik. Dei lever på ein gard i lag med mange andre dyr, men dei stikk seg i grunnen litt ut frå dei andre dyra, litt fordi dei er litt menneskeaktige, og litt fordi dei av og til finn på ting som får dei andre til å bli ståande der og sjå litt forundra ut.

Forteljinga om dei tre vennene vart først utgiven på tysk i 1982, og er seinare omsett til mange, mange språk. Denne nye nynorskutgåva er omsett av Simone Stibbe. Det er ein god ting at at ei så fin bok ikkje får lov til å bli altfor støvete.

Forteljinga handlar om ein dag i livet til dei tre vennene, vist gjennom mange små episodar som til saman blir ein presentasjon av dei tre, som det og finst fleire bøker om. Slik har desse tre luringane det, og dei skal aldri gå frå kvarandre, og dei skulle helst ha vore i lag både dag og natt, men dei må vere kvar for seg om natta av ulike grunnar som vi får vite alt om. Men så drøymer dei om kvarandre i staden, heldigvis, for viss ikkje hadde dei nok ikkje vore ekte venner.

Helme Heine har laga både tekst og illustrasjonar, og samspelet mellom tekst og bilde fungerer utruleg fint. Teksten er lenge som ei maske som held seg alvorleg når illustrasjonane er komiske, men så greier han det ikkje heile tida. For eksempel så må det nemnast at når ingen fisk ville bite på når dei skulle prøve å fiske seg middag, kom det faktisk av at det rumla for høgt i magane deira.

Illustrasjonane er glade og stemningsfulle akvarellar som har mykje primærfargar i seg, og der halefjøra til Hanekrone er ein regnboge. Det går fint an å vere både sju år og eldre og framleis bli i godt humør av denne boka, har eg lagt merke til.

Les 1992-utgåva på sida til Nasjonalbiblioteket:
Venner