Elin Grimstad: Månen som ville lyse som ei sol

I denne vakre biletboka er det sola og månen som er hovudpersonane. Månen er sjalu på sola, og han bestemmer seg for å ta opp kampen om å vere den som lyser opp jorda. Han snik seg framfor sola og forsøker å overstråle henne, men resultatet er mørke midt på dagen. Månen innser at han ikkje har strålekrafta til sola: «Eg tok feil, kviskrar månen. Eg lyser ikkje!» Men også sola innser at ho har tatt feil av månen. Ho har vore så overlegen og sagt at han ikkje er til verken nytte eller glede, men no innser ho at han er høgst naudsynt: «Kven skal elles spegle lyset mitt når dagen er over, smiler ho.»

Forteljinga blir formidla gjennom tekst og bilete, og det er eit magisk og litt mystisk univers lesaren får gå inn i. Denne biletboka har eit heilt spesielt visuelt uttrykk, noko som har si forklaring i at Elin Grimstad har nytta ein heller uvanleg teknikk. Ho har laga eit papirteater som ho i neste omgang har fotografert. Resultatet er bilete som har eit spesielt uttrykk, nærast draumeaktige i stemninga si. Teksten er relativt kortfatta, men han har preg av poesi og ordspel, som når månen set ord på si oppgåve mot slutten av boka: «Ja, tenkjer månen nøgd. Når natta kjem, er det eg som skin. Og draumane vaknar i måneglans.»

Eit anna moment som er verdt å kommentere er at månen er ein diktar i denne boka. Allereie før forteljinga startar, i oppslaget før sjølve forteljinga, møter vi dikt som månen har skrive. Her får vi inntrykk av tankane hans om seg sjølv og sola, til dømes i dette diktet:

Eg kan vere
måne
nymåne
halvmåne
trekvart
måne
fullmåne
men eg
kan aldri
vere sol

Dette diktarmotivet går igjen i boka, ikkje minst ved at månen ber på boka Triste Songar Tragiske Vers. Månen skriv ned tankane sine i denne boka, og det er altså desse dikta vi ser i starten av boka. Heilt til slutt i boka kjem dei same dikta igjen, men då har bakgrunnen skifta frå blå til gul. Den melankolske stemninga vik for ei lysegul og meir håpefull. Vi kan også merke oss at sola les i denne boka til månen på det siste oppslaget. Slik blir denne biletboka ei bok som tematiserer det å dikte, det å setje ord på kjenslene sine i form av dikt. Det at sola les boka til månen forsterkar inntrykket av at dei forstår og respekterer kvarandre på ein ny måte. Månen blir altså her, som i ein del annan mytologi, knytt til kreative krefter, og denne koplinga mellom dikting og månemotivet fungerer på ein original og artig måte.

Det er ei bok om at ein ikkje treng prøve å vere noko ein ikkje er, og ei bok om det å respektere andre, det vere seg himmellekam eller menneske, trass skilnader. Men først og fremst er dette ei bok om månen – og til månen. Ho ber i seg ein fascinasjon for og ei undring over månen, formidla i eit uttrykk som kan minne om stemninga månen sjølv skaper når han lyser over landet.

Boka er det ein kan kalle allalderlitteratur. Ho kan lesast for barn frå tre, fire år, og både vaksne og eldre barn vil kunne ha glede av henne. Eg ser for meg at barn i skulealder vil kunne ha særleg glede av boka, då ho kan inspirere til både å skrive eigne dikt og til å lære meir om månen og resten av solsystemet.

Utdrag frå boka: