Asbjørn Rydland: Mørkemanaren

Asbjørn Rydland har komme til bok nummer tre i serien om drakeguten Koll. Han er som tidlegare opptatt av kampen mellom det vonde og det gode – med ein vri.

I den første boka fekk Koll oppleve at det ikkje alltid er like opplagt kven som er god og kven som er vond, at vener ikkje alltid er til å stole på, og at hjelpa ikkje alltid kjem. I neste boka måtte han kjempe med vondskapen i seg sjølv. Begge tema blir vidareførte i denne boka, men Koll er ferdig med å vere naiv. Denne gongen må han på nytt lære seg å stole på seg sjølv og andre folk – han trur vondskapen lurer overalt.

«Viss noko verka for godt til å vera sant, var det som regel det. Og det at Cluyver skulle ha reist hit for å undersøkja berre fordi han trudde folk trong hjelp, og den daude guden hans ville likt det om han hjelpte dei … Det hang jo ikkje på greip? Kvifor skulle nokon gjera noko sånt?»

På sett og vis har Koll rett. I «Mørkemanaren» har mørkret og tåka lagt seg over Kervad, og framandfolk kjem for å stele drakeeggskalet frå gruva deira. Ut av skodda kjem det skrømt og digre tåkehundar som angrip og drep, og Koll må nok ein gong ta kreftene til Nordavinden i bruk for å redde landsbyen sin. Det er ingen grunn til å stole på nokon andre.

Samstundes er det mange kjente og ukjente som viser seg å vere til hjelp, og berre éin av alle dei mistenkte som viser seg å vere ein verkeleg fiende. Etter kvart set Koll også pris på den hjelpa han får, kanskje spesielt den han får av Faria, dotter til smeden.

Faria speler ein nesten like stor rolle som Koll i denne teksten, og vi får mykje av forteljinga frå hennar perspektiv. Ho formar drakeeggskalet til våpen i faren si smie, og ho tjuvlyttar ved dørene i vertshuset der ho arbeider. Ho har ingen overnaturleg krefter slik Koll har, men er minst like modig og smart, og vi anar at dei to skal bli eit par i dei to siste bøkene.

«Mørkemanaren» overtyder på alle nivå, på same vis som dei to førre bøkene til Rydland. Universet er gjennomarbeidd og følgjer sin indre logikk. Språket er lettlese og litterært interessant på same tid. Handlinga er spennande og stramt bygd opp. Personane er samansette og i utvikling. Eg er ikkje i tvil om at dette, for tida, er den beste fantasy-serien blant norske barne- og ungdomsbøker.

Utdrag frå boka: