Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland: Hør! 21 forteljingar om Eli

Illustrasjon: Åshild Irgens
Aschehoug

Alle dei tjueein forteljingane i «Hør!» er små dikt. Dei fortel om små og store hendingar i livet til Eli – i familien, med vener og på skulen. Ho slåst med bror sin, er aleine heime, trøystar mor si, drar på besøk til bestefedrane sine og leiker med jentene i klassen. Episodane er realistiske og lette å kjenne seg igjen i, men det blir aldri føreseieleg eller keisamt, korkje når det gjeld handling eller språk.

Dette er ei samling forteljingar det er morosamt å lese høgt, fordi dei tar utgangspunkt i lydar. Kapitla heiter til dømes «Puuu», «Dunk-dink», «Pøh!» og «Kvirre-vitt», og lydane blir gjenteke og leika med. Samstundes er tekstane så korthogne og enkle i forma, at dei godt kan lesast av ungane aleine.

Erna Osland har lang erfaring med å skrive både høgtlesingsbøker og lettlesne tekstar. Ho har perfeksjonert ein stil innanfor desse formata, der ho seier mykje med få og enkle ord. Gjentaka i teksten endrar og understrekar den første tydinga, og rytmen er god å lene seg på anten ein les høgt eller ikkje. Eg får mest lyst til å sitere heile boka.

Her er starten på første kapittel:

Her er Eli.
Ho står i ro
Heilt i ro.

Hysj!
Ho har ein fugl på hovudet.
Han sit i håret hennar.
I det veldige store, ville håret.

Eli står stille.
Ho lear seg ikkje.
Ho blunkar ikkje.
Og fuglen sit.
Trur han at ho er eit tre?
Som han kan byggje reir i?

Ikkje nok med at boka er herleg rytmisk lesing, ein blir òg i godt humør av å bla i ho. Åshild Irgens har teikna vignettar til kvart kapittel, i alle moglege fargar. Det gjer boka til ei fargerik oppleving, trass i at det berre er omslaget som har ein faktisk illustrasjon. Det må ikkje vere bilete for at ei bok skal vere lett og god å lese.

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
lettlesne bøker