Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland: Venner med venger

Fuglar har små hjarte som slår fort. Eit steindulphjarte slår nesten 500 slag i minuttet! Dette er mellom det første vi lærer i den nye fagboka frå Erna Osland. Ei fuglebok! Sola kryp høgare på himmelen og snart kjem trekkfuglane tilbake. Andre fuglar har vore her gjennom heile vinteren, kva kallar vi dei? Standfuglar, ja. Saman med venene Dina og William lærer vi dette og mykje meir om dei vanlegaste fuglane våre.

Kvar dag etter skulen er Dina aleine. Det bur nemleg ingen barn der ho bur. Men ein dag Dina kjem frå skulen, får ho besøk. Ho får besøk av ein fugl. Han gyngar seg gjennom lufta. Han flyg opp og ned som ei dansande, ørlita rosa sky. Dina har aldri sett noko så fint!

Slik startar historia om Dina og steindulpen. Ein venn med venger. Så tek Dina til å sjå etter andre fuglar, etter kvart saman med William i klassen. Sjølv om han eigentleg ikkje likar jenter. Men dulpane er Afrika-fararar som reiser langt over havet til løver og elefantar om vinteren. Då finn Dina og William seg vintervenner med venger, dei lagar fuglefinnar-spørsmål og fugleordbok. No har Dina fått ein ven som likar både fuglar og jenter, og snart kjem steindulpen att. Tsji-tsu! Tsji-tsu! Våren er komen!

Teksten er sett saman av ei spennande forteljing, enkle faktaopplysningar og illustrasjonar. Illustrasjonane er fargesterke, men enkle framstillingar av fuglane som kombinerer eit estetisk uttrykk med detaljar som gjev kunnskapar om fuglen i samspel med teksten. Korte fakta-tekstar ligg rundt omkring på kryss og tvers i oppslaga, dei er sette med andre fontar og fargar enn forteljinga. Dermed kan ein lese boka på ulike måtar, gå fritt inn og ut av forteljinga. Lærdomen kan vere både konkret og abstrakt, alt etter kva lesar teksten møter. Men alle vil løfte hovudet mot tretoppane og skyene oftare!

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12