Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

An-Magritt Lindtner: Smokkefeen Tutta

SmokkefeenFrå 2 år

Illustrasjonar: Jens Kristensen

Smokkefeen Tutta er venninna til tannfeen. Ho er ein ekstra lang og tynn fe som likar smokkar, som er veldig god til å skaffe seg dei, og som har veldig, veldig mange. Smokkefeen er og god til å finne nye bruksområde til smokkane sine, for i det kjempestore slottet hennar er alt bortsett frå golva laga av smokkar.

Tutta opererer i det stille, for ho har funne ut på den barske måten at det er best å unngå konfrontasjon med dei tidlegare eigarane:

«Ho prøvde det ein gong. Då helsa ho høfleg på ei lita jente og spurde endå høflegare om ho kunne få smokken hennar, som jo uansett var på veg til å dette ut av munnen på ho. Men då vart det så mykje skrik og gråt at til og med smokkane på kjolen til Tutta byrja å skjelve.»

Den andre viktige personen i boka er Thea, som er ganske hekta på smokkane sine. Ho har ein del uflaks når familien er på ferie i Frankrike, for ho mistar alle smokkane, og må greie seg utan til ho kjem heim. Det held hardt, og når ho kjem heim har jammen Tutta vore over heile huset. Men når Thea forstår kva som har skjedd, er det ikkje berre trist likevel, for tanken på det fine smokkeslottet gjer at det kilar i magen hennar.

Denne boka kan brukast som underhaldning, eller ha nytteverdi som trøystebok. Ho har delikate, støvete pastellfarga illustrasjonar som harmonerer fint med teksten, og som samstundes luggar litt i han, for illustratør Jens Kristensen har visst lagt til litt for eiga rekning når han har dikta opp små dyr med smokkefjes, som til og med kan flyge, og blir søte, små hint om kreativ fridom. Og det matte smilet og dei tunge augeloka som han har teikna i fjeset til til Tutta seier kanskje at ho forstår at dette ikkje er lett, men at det skal gå så fint, så fint …

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6