Anne Viken: Elise og mysteriet med dei døde hestane

EliseFrå 10 år og oppover

Då Anne Viken debuterte med spenningsromanen Elise og mysteriet med dei døde hestane i fjor haust, sette ho seg eit mål. Førsteopplaget på 3000 bøker skulle vere utselt før jul! Alt i november var det klart at boka ville bli gitt ut i pocket på grunn av den store etterspurnaden. I august  i år kjem neste bok i det som skal bli ein tre bind lang serie om den modige trettenåringen Elise som vil bli dyrlege.

Er «hestebok» ein eigen sjanger i barne og ungdomslitteraturen? Det finst fullt av seriar over same lest, hest er best. Suksess-formelen er velkjend, men dei nynorske forfattarane har ikkje bite på. Før no. Men Anne Viken si spennande forteljing set nye standardar for hesteboka.

– For meg er det viktig å fortelje gode historier, eg vil overraske lesaren, halde på han. Eg er oppteken av å konstruere komplekse plot, det kjem til å bli endå tydelegare i dei neste bøkene om Elise.  Eg vil at forteljinga skal vere realistisk og truverdig, seier Viken.

– Det er ei autentisk historie, fortel ho vidare. – Dei vakre ivanhestane i Tordenbygda, veggmåleria i kyrkja, den fryktelege dyremishandlinga. Eg har opplevd alt saman i praksisen min som veterinær. Det finst jammen ikkje mange hestebøker som er fortalde frå denne synsvinkelen, ler ho. Tema som kjem opp i samtalane i boka er vanskelege økonomiske vilkår for bøndene og dårleg dyrevelferd i industrilandbruket.

–Eg prøver ikkje å skrive inn folkeopplysning mellom linjene denne gongen, det er berre slik praten går mellom bønder og dyrlegar kring om, det er dette dei er opptekne av. Naturleg nok, seier Viken, som også er kjend som ein skarp og aktiv debattant kring tema som økonomi i matproduksjonen og etikk i landbruket.

Tretten år gamle Elise får vere med onkel Kalle til den bortgøymde Tordenbygda då han får sommarjobb som veterinær. Ho skal vere assistent. Dei kvite hestane i bygda er ikkje som andre hestar, ingen veit kvar dei kjem frå. Men dei vakre veggmåleria som den gamle, galne presten vaskar fram med mjølk fortel meir og meir om hestane.

På garden nedre Bjørndal er den flotte hingsten Anton berre ein skugge av seg sjølv, kva feilar hesten? Kalle og Elise gjev medisin mot kolikk og hjerneødem, ein daudfødd kalv finn dei att i hesteboksen, hestehalen er avklypt, nokon har måla ein svart kross på stallveggen. Han som eig hesten er drikkfeldig og sint. Men Kalle derimot er ein flott, ung dyrlege. Kona på garden tek til å møte dei i korte shorts og make-up når dei kjem på besøk …

Denne forteljinga er akkurat slik Anne Viken vil at ei forteljing skal vere. Ho er så spennande, heilt umuleg å legge frå seg. Likevel er det det realistiske og autentiske ved historia som er det fremste kvalitetskriteriet i teksten – dette er ekte blod! Elise er ei tøff jente, men ho er også redd. Og modig. Og usikker. Først og fremst er ho veldig, veldig glad i hestar. Så då er det vel ei hestebok Anne Viken har skrive, men det er også ein utviklingsroman, ei kriminalhistorie og tidvis ei fagbok om å diagnostisere og behandle all slags dyresjukdommar. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har kjøpt inn klassesett av boka. Hermed tipsar vi alle andre fylkesbibliotek om å gjere det same. Nynorsk som sidemål? Hest er best, både på bokmål og nynorsk! Og den beste hesteboka er historia om Elise og mysteriet med dei døde hestane.

Utdrag frå boka