Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Martine Grande: Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar

KakerlakkenOpplegg til boka:
Aktivitets- og fargeleggingsark – på denne sida finn de mellom anna ei brettebok med Kakerlakken med den stygge frakken.

Kakerlakken er lykkeleg når det er sommar. Ho spring naken omkring. Sola skin og lyser opp kvar ein krik og krok i den vesle kakerlakk-kroppen. Når hausten kjem sloknar sola både på himmelen og inne i Kakerlakken

Boka tek for seg eit tema som har vore lite omtalt i skule og barnehage, triste tankar eller depresjon hos barn. Forfattaren Martine Grande løftar fram temaet på ein seriøs og undrande måte gjennom historia om Kakerlakken.

Kakerlakken trur at det er berre ho som har slike triste vintertankar, som dokteren kallar det. Men i historia møter Kakerlakken ein nattsvermar som også har kjent på det same. Han har funne ut at det er mykje lys og mykje fargar også om hausten og om vinteren, berre ein ser etter dei.

Måten Kakerlakk-jenta slit med dårleg sjølvbilete og triste tankar på, kjenner nok mange barn og unge seg att i. Boka opnar for at ein kan samtale om temaet og sette ord på noko som kan vere vanskeleg å vere konkret om for enkelte born, så vel som vaksne. Såleis er boka aktuell langt utover aldersgruppa 3-9 år.

I tillegg til hovudtemaet depresjon, tematiserer boka mobbing, venskap og korleis vi oppfører oss mot kvarandre. Dette gjer boka til eit godt utgangspunkt for samtalar om empati på ulike måtar.

Martine Grande er animatør og er utdanna ved Høgskulen i Volda. Biletspråket hennar er lett og leikande, og ho nyttar fargar for å uttrykke ulike stemningar i boka. Figurane er uttrykksfulle og er lette å bli glade i. Denne biletboka finn ein også som animasjonsfilm.

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6