Annlaug Auestad: L. Ands dagbok

L.AndFrå 9 år og oppover

Annlaug Auestad har late ei skrøpeleg and spele hovudrolla i den sprelske og leikande boka L. Ands Dagbok. Den angstfylte L. And har ein løyndom og eit problem, som vert avslørt allereie på første side: Han har vass-skrekk. Samstundes får han anonymt levert på trappa eit mystisk egg som han må forsørgje. Men den nye rolla som eggepassar gjer han ingenting. Då er det nemleg ingen som kritiserer han for å ikkje vere med ut i vatnet!

Men kva skjer når egget brest? Kven har lagt det der, og kvifor? Blir han kvitt vass-skrekken?

Akkurat det må ein vere budd på å bruke litt tid og konsentrasjon på å finne ut av. Dagboksidene flyg ikkje akkurat av garde, for dei er skrivne med snirklete handskrift og har ein kaotisk, springande typografi der mange små element kranglar om merksemda.

At dagboka ser litt flokete ut, heng nok saman med at anda er så assosiativ, leikande og springande i forteljemåten sin, slik dagbokskrivarar ofte kan vere. L. And drøymer også ofte, og alltid er det rare draumar om dette egget. Slik sett reflekterer dagboksidene eit indre kaos i dagbokskrivaren, som møter utfordringar når det gjeld å finne ein identitet i eit arts-utypisk habitat:

25. mars (onsdag!)

Skrekk!

Nå går det over stokk og stein!
Anne og Arne, ja til og med Pippy på biblioteket, sa til meg at eg ikkje er ei EKTE and!
– Bading er, sa Anne.
– Ein sjølvsagt ting, sa Arne.
– For ender, sa Pippy.
– DET HAR DE FUNNE PÅ, EIN KAN VEL VERE EI AND OM EIN IKKJE LIKAR VATN!! sa (skreik) eg.

Det som gjer boka visuelt særmerkt, er korleis dei mange teiknsystema heilt medvite skaper ein form for disharmoni. Handskrifta til anda skiftar stadig form, og forteljinga er metta med tilleggsforklaringar og asteriskar, knøttsmå teikningar i svart og raudt, piler, border, understrekingar, snakkebobler og emotikon – for å nemne noko!

I forlenginga av dette kreative kaoset lukkast Auestad å formidle kor kjekt og fritt det kan vere å skrive ei personleg dagbok. At L. Ands Dagbok kan kome til å inspirere born til sjølve å skrive dagbok, er heilt sikkert.

Dei lausrivne historiene om egget og vass-skrekken til L. And, som begge berre blir større og større, har potensial til å inspirere, og eg trur mange born kan kjenne att dette med å vere redde for noko. Dagbokskrivaren L. And, han finn hjelp hos Fuglekongen, som har skrive ei bok om smarte knep og tankemåtar for å unngå flygeskrekk. Herfrå hentar anda eit tips som han overfører til sin eigen angst. Det gjeld nemleg å tenke: «Alt kjem til å gå heilt fint heile tida.»

Til slutt kjem han til ei innsikt, etter å ha slått seg kraftig i hovudet i samband med klekkinga av egget:

Søndag 29. mars

Kjære Dagbok.
NY INNSIKT:

RETT på sak: Fallet (frå treet) gav meg EI NY forståing: eg – L. And – er LAGA FOR LIVET PÅ LAND uten vand! (vatn) (HE-HE)