Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Magnhild Bruheim: Det som er sant

Det som er santFrå 13 år

Linn og Solveig er bestevener. Dei har kome til å bety mykje for kvarandre etter at Solveig kom flyttande som ny elev på skulen i tiande klasse. På ein fest skjer det forferdelege: Sander, som Linn er forelska i, valdtek Hanna, ei anna jente i klassen. Seier Hanna. Sander nektar. Solveig støttar Hanna frå første stund, medan Linn ikkje veit kva ho skal tru eller kven ho skal stole på. Så ho prøver sjølv å undersøke kva som er sant. Og må risikere den gode venskapen til Solveig, dei varme kjenslene for Sander og tore å ta sjansen på å bli ståande aleine for å gjere det som er rett.

Ungdomslesarane er opptekne av å kunne involvere og identifisere seg med karakterane i handlinga i bøkene dei les, slik at dei kan utforske sine eigne tankar og mulegheiter. Dei ynskjer at forteljingane skal likne på røyndomen og stemme med deira eigne erfaringar, men likevel på ein slik måte at det opnar for nye erfaringar.  Slik skildrar litteraturdidaktikaren Joseph Appleyard ungdomslesaren i boka Becoming a reader.

Den tyske resepsjonsteoretikaren Wolfgang Iser argumenterer for at lesaren i møte med skjønnlitteraturen, dersom teksten er god nok, har mulegheit til å gjere konsekvenslause erfaringar. Magnhild Bruheim har skrive ein ungdomsroman som tematiserer grunnleggjande etiske utfordringar: Kva skil sanninga frå ei subjektiv oppfatning? Korleis kan ein ta stilling til spørsmålet om sanning når ingenting kan bevisast? Kor langt vekk frå sanninga kan ein strekkje seg for å hjelpe ein ven? Korleis finne styrke til å stå aleine for det som er sant? I noko grad er dette moralske dilemma livet let dei fleste av oss få bryne oss mot.

Magnhild Bruheim er ein svært omtykt om mykje lest ungdomsforfattar. Fleire av bøkene hennar er omtalte her på nettstaden. Ho er ofte på forfattarbesøk på skular kring om. «Skal me skapa eit godt samfunn må me skriva god litteratur og utdanna gode lesarar», seier ein av kollegaene hennar, Terje Torkildsen i Syn og Segn (2013:2). Magnhild Bruheim skriv gode ungdomsbøker. For ungdom! Ho gjev lesaren mulegheit til å gjere konsekvenslause erfaringar, til å utforske eigne tankar og mulegheiter og til å sjå vegar framover og utover for seg sjølve. Å lytte til begge partar i vurderinga av rett og gale og ikkje dømme dei som ikkje har fått forklare seg er grunnleggjande i eit godt samfunn. Slike verdiar vert formidla i denne spennande og viktige forteljinga.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker