Samlaget: Leseland

leselandLese-app for born i alderen 4–10 år

Leseland er lesetreningsbøker for born som lærer å lese. Appen passar særleg godt for born som treng ekstra støtte og motivasjon i lesetreninga. Han inneheld åtte bøker, og du kan få appen både til Ipad, Android og Windows 8. Bøkene er delte inn i fire nivå, med to bøker på kvart nivå.

Nivå 1: Ny i Leseland, nivå 2: Kom i gang, nivå 3: Lesevennen og nivå 4: Leseproffen. På nivå 1 og 2 er det svært lite tekst og ein kan velje mellom tre funksjonar: «Les sjølv», «Les for meg» eller «Les med meg».

«Les for meg»-funksjonen har lydeffektar og ei forteljarstemme som lever seg inn i historia og formidlar teksten, samstundes som ein kan følgje teksten på kvart bilete. Lydeffektane illustrerer teksten og bileta og gjev det heile eit lydbok-preg. I tillegg kan ein lage eigne lydeffektar som ein enkelt kan spele inn og nytte.

«Les med meg»–funksjonen er slik at kvart ord er markert og ein kan lese i lag med forteljarstemma i roleg tempo.

Ein styrer framdrifta i alle funksjonane sjølve ved å trykke på piltasten nede på sida. Slik kan ein bruke den tida ein treng til samtale og å studere bileta på kvar side.

Nivå tre og fire har meir tekst og har to funksjonar, «Les for meg» og «Les sjølv». Nivå fire føreset at borna kan lese nokså godt. Tekstane på alle nivå eignar seg godt for både gutar og jenter.

Kort presentasjon av bøkene

Sola og vinden (nivå 1)

Esops fabel. Historia om vinden og sola som krangla om kven som var sterkast.

Den krokete mannen (nivå 1)

Historia om den krokete mannen som kjøpte seg ein kroke-katt og som budde i eit kroke-hus. Korte setningar som eignar seg godt for born i lesetreningsfasen. Det er brukt mykje rim i historia, noko som gjev historia flyt. Koselege teikningar og fine og illustrerande lydeffektar.

Den underlege draken (nivå 2)

Ein far kjem heim frå fjellet og fortel om noko forferdeleg han har sett. «Det var like stort som fire hestar, hadde lange, skarpe klør, ein lang, spiss hale og glinsande blå skjel over heile kroppen». Det høyrest ut som ein drake, seier sonen.

Dette vil sonen undersøke nærare og går til hola der draken sit. Draken vert veldig glad for å få besøk og set i gang å fortelje historier. Draken og guten vert gode vener. Men folka i landsbyen vil bli kvitt draken og hentar inn Sankt Georg, drake-dreparen!

Den pysete katten (nivå 2)

Steinar Katt er redd for alt mogleg. Han er redd for fly og tog og han er til og med redd for små mus. Men så vert han med på eit lite oppdrag i lag med Spragle-pus og Snø-fjes. Dette oppdraget får ein uventa slutt, noko som gjer Steinar Katt modigare.

Cowboy-Claus og den prompande ponnien (nivå 3)

Cowboy-Claus er ikkje ein heilt vanleg cowboy. Han bur på prærien, men har ingen hest. I staden har han grisen Lisa og kua Rosa. Men han vil så gjerne ri på ein hest. Ute på maisåkeren møter han ein ekte ponni. Indianaren Smil-berre-fint eig ponnien. Det er noko spesielt med denne ponnien, han prompar svært mykje.

Felline, professor Pål og kjemisettet (nivå 3)

Pål har ein liten og mjuk hund, Felline. Men eigentleg ønskjer han seg ein gigantisk svart hund med skarpe tenner. Dette vil Pål gjere noko med, han tek fram kjemisettet sitt og seier til Felline: «Du er ikkje nokon hund, du er ein forsøkskanin!» Så startar han å eksperimentere med Fellini.

Dei hemmelege superheltane (nivå 4)

Tre gode vener har ein klubb. Denne klubben heiter «Dei beste». Dei tre gutane i klubben likar svært godt å lese teikneseriar, og det gjer dei ofte i klubbhuset sitt. I teikneseriesjappa er Surmulen, han er alltid i dårleg humør, og har ei hemmelegheit, trur dei. Kva er bak døra der det står «inngang forbode»? Kvifor blir han supersint når dei spør kva som er der? Dette vil dei undersøke nærare.

Prinsesse Fibi og draken (nivå 4)

Prinsesse Fibi har så lyst til å vere eit vanleg barn og leike med andre barn og bli skiten på klede og fingrar. Men alt som er kjekt og berre luktar bitte litt av eventyr er forbode for prinsesser. Men utan moro og eventyr er livet rett og slett dødskjedeleg, meiner Fibi. Derfor er ho med på moroa likevel.