Tom Gauld: Goliat

goliatGoliat er i røynda ingen stor krigar; han føretrekker papyrus­arbeid framfor patruljering, og han hatar å slåst. Likevel beordrar kongen han til å gje israelittane ei utfordring to gonger dagleg: «Vel ut ein mann og send han ned til meg! Kan han kjempa med meg og fella meg, skal vi vera slavane dykkar. Men vinn eg over han og feller han, skal de vera våre slavar og tena oss.»

Goliat er inga anti-religiøs forteljing, og Gauld portretterer ikkje David som skurk ­eller bløffmakar. Ved hjelp av enkle grep viser forfattaren at den guden (eller sterke ­religiøse overtydinga) som gjer David så mektig, er heilt fråverande i Goliats liv.

Utdrag frå boka: