Brynjulf Jung Tjønn: Så vakker du er

Tjonn_SaVakkerDuEr12 år og oppover

Korleis smakte det? spurte han.

Kysset?

Ja.

Eg veit ikkje.

Jo, det veit du, Henrik.

Henrik veit ikkje korleis det smakar når Kjersti kysser han. Han har aldri kyssa henne. Men til Simon, den kreftsjuke onkelen sin, seier han at han har gjort det. Så han må gjere det. Før det er for seint, medan han endå har sjansen til å fortelje onkel Simon korleis det smakar. Før han døyr.

Brynjulf Jung Tjønn er fødd i Seoul i Sør-Korea og oppvaksen i Feios i Sogn. Han debuterte i 2002 med romanen ”Eg kom for å elske”, og har sidan skrive bøker både for vaksne, ungdomar og barn. For ungdomsromanen ”Så vakker du er” fekk han Brageprisen i kategorien beste barne og ungdomsbok 2013. Han takka foreldra sine då han fekk prisen. Dei gav han nemleg ei datamaskin då han var liten, fordi dei såg kor godt han likte å skrive. På åttitalet kosta ei datamaskin tjue tusen kroner, utdjupa Tjønn i takketalen sin.

Forteljinga handlar om Henrik, som denne sommaren skal miste onkelen sin i kreft og få sitt første kyss. Onkel Simon døyr sakte og smertefullt frå Henrik og mora, men også frå sjansane til å gjere det han har drøymt om i livet. Simon er 31 år og skal døy. Henrik er 16 år og skal leve. Han er forelska i Kjersti, og seier at han har kyssa henne. Men det har han ikkje. Så kjem ho heim frå ferie i Italia, bankar på døra hans og gjev han sjansen.

Veit du kva, Simon? sa eg.

Han svara ikkje, bare pusta.

Som om han brukte alle kreftene han eigde på å klare

dette: å trekke inn luft, skyve pust ut.

Eg veit korleis det smaka å kysse Kjersti.

Simon dreidde på hodet, såg meg inn i auga.

Han smilte.

Kva då? spurte han.

Det smaka Kjersti sine lepper og Kjersti sin pust, svara eg.

Den beste smaken av dei alle.

”Brynjulf Jung Tjønn skriv lett om noko tungt, og vakkert om noko vondt i denne romanen. Tjønns prosa er rytmisk, biletsterk og poetisk. Han skriv innsiktsfullt om tap, og òg dei tabubelagte og kanskje urettferdige kjenslene som oppstår når dei næraste er sjuke – som sjalusi og sinne. Samstundes er boka ein klassisk ungdomsroman om forelsking og frykt, avvisning og kjærleik, om kjent som blir framandt. Tjønn har skrive ei rørande og håpefull forteljing om ein ung gut som mobiliserer krefter til å handtera livet”, skriv juryen for Brageprisen i grunngjevinga for prisen. Ei fin oppsummering av ein svært god tekst.

Boka finst også som lydbok.