Chris Haughton: Kvar er mamma mi?

kvar er mamma miFrå 2 år

Denne boka handlar om eitt av dei mest grunnleggjande spørsmåla ein balar med når ein er i barnehagealder, nemleg Kvar er mamma? Forteljinga er lagt til eit både trygt og spennande visuelt univers – ein mørk skog, men i varme fargar, og der alle dyra faktisk er snille.

Personen som må bera dette store spørsmålet, er ein liten ugleunge som fell ut av reiret og må få hjelp av andre dyr i skogen til å finna att mamma. Det heile endar trygt og godt og rimeleg føreseieleg for den vaksne lesaren, men det er slik det skal vera i historier om å finna att mamma. Samstundes utnyttar boka spenninga som ligg i å bla om og sjå kva som er på neste side, og det gjer henne til ei god høgtlesingsoppleving. Noko som gjentek seg i forteljinga er den klassiske forviklingsvitsen der den vesle ugla skildrar mamma som til dømes VELDIG STOR, og ekornhjelparen tek henne med til bjørnen i skogen og seier «Her er mamma di», og til andre feile mammaer. Dette er ikkje eit nytt grep, men eitt som lever i barnelitteraturen fordi det funkar kvar gong. Det skaper latter og glede hjå 2- til 4-åringen, og ei god kjensle av å vera ovanpå og skjøna litt meir. For 5- til 6- åringen som har starta å lese, er dette ei god lesetreningsbok, det er lite tekst på kvar side og tekstuttrykk vert gjentekne.

I tillegg til å gle ungar mistenkjer eg at dette er ei bok som også talar til vaksne som er glade i ugler og fine teikningar av ugler, og det er jo også ein del.