Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Atle Hansen: Flukt

FluktFrå 12 år

Hovudpersonen og bestevenen Karl er på bølgjelengd om det meste, sjølv om dei er litt ulike. Karl sin far smittar nemleg sonen med framandfrykt og negative haldningar, ein konflikt hovudpersonen kjenner på kroppen når to asylborn i lokalmiljøet med eitt rømmer frå mottaket til fots like før dei skulle returnerast.

Kvar kan dei vere? Kva bør gjerast i slike saker? Og kan det vere rett å ikkje ringe politiet og varsle om at ein veit kvar desse asylborna har teke vegen?

Dei to venane, som fram til no har hatt eit ordinært og beskytta liv prega av dataspel og pizzalaurdag med familien, ser fotspor i snøen. Dei finn snart ut at dei to asylborna må skjule seg i eit forlate hus i nabolaget.

Det blir verkeleg skummelt når dei så bestemmer seg for å etterforske saka nærare, og boka overraskar lesaren når det viser seg at det ikkje berre er forsvinningssaka dei endar opp med å utforske nærare, men òg deira eigne, vaknande kjensler for kvarandre. Hansen let det her vere opp til lesaren kva kjønn hovudpersonen har.

Flukt er både ein kort og spanande «pageturner» om nært venskap, etikk, og spionering, og ho tek opp brennheite samfunnsspørsmål. Slikt trengst i lettleslitteraturen! Her er det stort potensial for diskusjon, både rundt tacomiddagen heime, og i skulesamanheng.

Boka er ei spanande lettlesbok for dei som nærmar seg tenåra. Ho har alt som trengst for å engasjere i seg sjølv, uavhengig av om ein bryr seg om situasjonen til asylborn eller ung, homofil identitet.

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
ungdomsbøker