Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tore Kvæven: Kameljegeren

KameljegerenFrå 9 år

Lise skal vere med bestefaren sin på jobb i tre veker, saman med broren Øystein. Bestefar er kameljeger i Saharaørkenen, og køyrer hit og dit med motorsykkelen sin i lag med villhunden Tam og sankar soltørka kamelar som har vandra ut i ørkenen for å døy åleine. Kamelane skal malast opp og brukast til krydder på graut, for den gongen vi brukte orda kamel og kanel om kvarandre, var vi ikkje så langt ute på villspor som kanelindustrien vil ha oss til å tru. Og sjølv om det kan vere uvant å tenke på at vi strør innvollar og hår på grauten vår, er denne boka sin versjon minst like fin som den gamle bortforklaringa om bork frå tre. Kamelane er jo så inderleg godt tørka, dessutan.

Det blir mykje tull og tøys og feelgood, mellom anna fordi kommentarane til Øystein går rett ut gjennom munnen utan å vere innom hjernen på vegen, og fordi bestefaren er så glad av seg, slik at ting lagar seg så veldig fint til heile tida:

«– Krag-Jørgensen, seier han og klappar børsa på skjeftet; – Krag-Jørgensen har vore med meg frå min første dag her i Sahara. Ho likar ørkenen, ser du. Ho skyt så dårleg i regnver at ho knapt treffer ein ting ho siktar på. Men det regnar ikkje i ørkenen.»

Han har og funne ein nesten perfekt match i Tam, som rett nok ikkje er interessert i kamelar, men ørkenen derimot er han så glad i at han ikkje vil tisse på han, og må ty til eine dekket på tilhengaren.

Kameljakta i seg sjølv kunne ha vore spennande nok, for dei skal køyre fort på motorsykkel med hengar, sove i telt, tenne bål under stjernene, bade i oasar og ha kvalitetstid med den spinnville bestefaren. Men boka handlar og om eit møte med ei anna tid, og har ei parallell handling i faraoane si verd, der det levde ei lita prestinne som heitte Aahmis. Ho har enno ikkje fått fred i sjela etter tre tusen år, og ventar og ventar på at nokon skal kome og hjelpe henne. Det er det prosjektet Lise ottast mest på å få sett i verk, og ho greier etter kvart å få dei andre med seg.

Dette er ei kompleks barnebok, og kjempefin av mange ulike grunnar: Ho gir litt å undre seg over, som dette med tid og liv og død. Ho skildrar det å vere i den gigantiske naturen ganske så engasjerande, og er spennande og gøy å lese.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
lettlesne bøker