Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anne Viken: Elise og mysteriet på hesteklinikken

EliseFrå 10 år og oppover

Elise skal ha arbeidsveke hjå onkelen på hesteklinikken. Ho har førebudd seg godt og gler seg til å arbeida som veterinærassistent, men brått byrjar merkelege ting å henda. Kvifor vert dyra sjuke av medisinane? Og kva er dei mystiske ljodane ho høyrer i den gamle veterinærbustaden?

Anne Viken, som sjølv er utdanna veterinær, tek hesteinteressa til målgruppa på alvor. Kunnskap om hestar, dyrevelferd og hestesjukdomar vert slik ein integrert del av den spanande detektivforteljinga.

Mysteriet på hesteklinikken er den andre boka om Elise (Elise og mysteriet med dei døde hestane var den fyrste), men historiene er frittståande, so det går fint å lesa bok nummer to fyrst.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

9–12
krim
9–12
9–12