Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Jørn Hurum og Torstein Helleve: Ida & Monsterøglene på Svalbard

Ida_Nynorsk_OmslagBøkene er illustrerte av Esther van Hulsen.

 6–12 år

Apejenta Ida levde for 47 millionar år sidan i Tyskland. I fagbiletboka Ida får vi kjennskap til korleis ho levde og korleis forskarar jobbar for å hente fram slik kunnskap.

Fossilet av Ida vart funne i Messel sør i Frankfurt i 1983. Funnet vart halde hemmeleg i over 20 år, men i 2007 fekk Naturhistorisk museum i Noreg kjøpe henne. I to år arbeidde Hurum saman med fem andre forskarar med å underbygge teoriane sine om Ida si viktige rolle for å gje oss vesentleg meir kunnskap om evolusjonen til menneskeslekta. Teoriane vart gjorde kjende i mai 2009. Hurum er kjend for å vere ein stor fagentusiast og for å popularisere forskinga si og gjere publikumsvenlege val i formidlinga.

I første halvdel av boka får vi høyre forteljinga om livet til Ida, frå fødsel til død. Framstillinga er rikt illustrert. Illustrasjonane er viktige i framstillinga, dei markerer tydeleg overgangen til den andre delen av boka. Andre del fortel den spanande historia om korleis fossilet vart funne. Her er skrivemåten skildrande og forklarande slik vi kjenner han frå både oppslagsverk og lærebøker. Sidene er oversiktelege og systematiske. Til slutt kjem nokre oppslag som legg opp til aktivitet og til at lesaren skal kunne skaffe seg meir kunnskap om emnet. Du finn meir kunnskap om Ida på nettsidene til Naturhistorisk museum: https://www.nhm.uio.no/besok-oss/utstillinger/tidligerefaste-utstillinger/ida/

Fagboka Ida er laga slik at ein kan bla opp i henne som eit oppslagsverk, lese henne som ei forteljing, sjå på bileta, lese teksten, gå inn i boka der ein sjølv vil, og ut igjen. Boka inviterer lesaren til varierte måtar å lese på, ho byr lesaren på ulike erfaringar og vender seg dermed til lesarar med ulike lesarerfaringar og ulik motivasjon for lesing. Slik er det også med boka Monsterøglene på Svalbard.

Monsteroglene pa Svalbard_Omslag_nynMonsterøglene på Svalbard er ei tredelt fagbok der du først kan lese om dei ulike øglene som levde for 147 millionar år sidan i havet der Svalbard ligg i dag. Det var mellom anna fiskeøgler og svaneøgler. I den første delen følgjer vi Småen og flokken hans på jakt etter mat. Flokken blir angripen og ei av dei eldste fiskeøglene vert liggande på havbotnen. Slik er overgangen til del to der ein får vite korleis eit fossil utviklar seg, og korleis forskarar jobbar i fossiljakta si. Du får vita korleis forskarane fann fossila av øglene, korleis dei grov dei ut, og kva øglene fortel oss om livet på jorda. Del tre er oppslag som legg opp til aktivitetar der lesaren kan skaffe seg meir kunnskap om emnet.

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12