Samlaget: Barnebøker (app)

BarnebokappFrå 0 til 9 år

Den nye barnebok-appen til Samlaget inneheld mange flotte barnebøker. Utvalet av gode biletbøker på nynorsk har vorte særs godt dei siste åra, og etter lanseringa av denne appen er ogso utvalet av nynorske biletbøker for nettbrett i ferd med å verta godt.

Nokre av bøkene i appen har vore tilgjengelege på nettbrett tidlegare, til dømes i den prisvinnande appen Leseland, men for storparten er det her fyrste gongen at dei er tilgjengelege i dette formatet.

Alle bøkene har innlesen tekst. Opplesarane nyttar normert nynorsk (med unntak av i boka Kakerlakken med den stygge frakken, der opplesinga er på Lierne-dialekt), men dei ulike opplesingane har ulike dialektklangar i botnen, so her får ein høyra nynorske røyster frå mange ulike stader i landet.

Appen kan lastast ned frå iTunes og Google Play.