Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby: Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Konrad KråkebolleSkal du på fjøretur i sommar? Visste du at der kan du møte Bella Blåskjel og Konrad Kråkebolle?

Bella heng
på bryggebein,
kusina heng
på fjørestein.

I boka om Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar møter vi ulike små dyr og skapningar som vi kan finne under steinar i fjøra, i vasskanten eller ute i sjøen. Gjennom små, leikne dikt og teikningar tek forfattar Lisbeth Dreyer og illustratør Per Ragnar Møkleby oss med til ei verd full av dyr frå hav, fjord og strand.

Tekstane om dei små fjærefantane er i diktform med rim, rytme og poetiske skildringar, noko som innbyd til utforsking både av teksten og av fjærefantane i sjøkanten.

Selma skrir så elegant,
nærast svevande iblant.
Hennar armar duvar lett
i ein sjøstjerneballett.

Illustrasjonane til Per Ragnar Møkleby utfyller den leikne teksten, og boka er ei lita sommarperle som både store og små kan glede seg over.

Utdrag frå boka: