Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anne Viken: Elise og mysteriet på Hesteøya

Elise3Eg har ei jente på tolv år som ikkje likar hestebøker, men som har stor sans for Elise-bøkene. Ho likar at dei er litt skumle, og ho likar dei rare kapitteloverskriftene og at ein lærer mykje interessant om dyr.

Dette er tredje bok i serien av frittståande forteljingar om hestejenta Elise. Ho er òg denne gongen assistent for onkelen Kalle, som er veterinær. Som i dei to andre bøkene møter Elise ei skummel detektivgåte som ho tek ansvar for å løyse.

Denne gongen har Elise og Kalle med seg Karen, venninna til Elise. Dei reiser på påsketur til ei øy full av hestar, der Kalle skal vere ferievikar for veterinærkollega Viktor. Elise er glad for å få lurt seg unna den vanlege turen på hytta i lag med foreldra sine. Det viser seg fort at ikkje alt er som det skal vere, for hestar forsvinn frå øya, og det er trekk ved desse forsvinningane som går att og etter kvart dannar mønster gjennom Elise sine detektivbriller.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
9–12
9–12
9–12