Kari Smeland: Sirkus Spetakkel

Sirkus SpetakkelEg har ein teori om litterær kvalitet. Den teorien seier at når ei bok har eit kapittel som heiter «Der ingen skulle tru at nokon kunne lage kakedeig», so kjem det til å vera ei god barnebok. Sirkus Spetakkel har eit slikt kapittel, og den boka er god, so førebels ser teorien min ut til å stemma.

Boka handlar om ni år gamle Ada som lever livet på landevegen saman med dei to sirkusonklane sine i det vesle sirkuset Sirkus Spektakulær, der dei «syng og trallar, balanserer på liner og sjonglerer med faklar og knivar, økser og egg». Dei har det fint der dei køyrer ikring i den gule campingbilen sin og et smultringar til frukost, men ein dag dukkar den skumle sirkusdirektøren Rottekjeften opp og vil stikka kjeppar i hjula deira. Då byrjar ein spanande kamp for å få halda fram med sirkuslivet, og Ada må få hjelp av både nye vener og ein super-gris.

Noko av det beste med Sirkus Spetakkel er alle dei uventa språklege bileta. «Han et faktisk meir enn ein hjortesvinfamilie som feirar jul», kan Smeland finna på å skriva. Eller for å koma med eit anna sitat:

«Heile verdas klovnesko og klovnenasar kan ikkje hjelpe oss nå,» buldrar Mikko og trampar fram og tilbake så den solgule campingbilen skjelv.
«Er du heilt sikker?» spør Rasmus, som aldri vil at ting skal vere akkurat så ille som dei faktisk er.
«Sikker som dynamitt,» nikkar Ada.
Og då stønnar alle, for det er lite her i verda som er så sikkert som dynamitt.

Formuleringane til Kari Smeland har noko sprudlande og anarkistisk over seg, og slik sett er språket med på å byggja opp sirkusstemninga i boka.

Utdrag frå boka: