Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lene Kaaberbøl: Villheks – Fiendeblod

Villheks FiendeblodOmsett av Øystein Rosse

I bokserien Villheks fylgjer me villheksa Clara, og Kaaberbøl har no kome til femte boka i serien. Medan utfordringane til Clara i den fyrste boka var å klara seg og verta ei ekte villheks, er det i dei seinare bøkene etter kvart større ting som står på spel. Utgangspunktet i bok fem ser ikkje ljost ut for Clara. Mørke krefter byrjar å stabla seg på beina, heile verda står i fare, og dei som vanlegvis ville vore støttespelarane til Clara, er sette ut av spel.

Villheks-serien er spanande bøker for mellomsteget og oppover, og alle som har likt dei tidlegare bøkene i serien, vil ha stor glede av Fiendeblod. Det tek ikkje mange sidene før lesaren er fanga, og før ein veit ordet av det, er boka ferdiglesen. Då er det berre å byrja gleda seg til at den neste boka i serien – den sjette og siste – kjem ut.

den danske Villheks-vevsida kan du forresten lasta ned dei danske omslagsillustrasjonane i høg oppløysing, dersom du vil skriva dei ut og nytta dei som plakat på barnerommet, biblioteket eller liknande.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12