Asbjørn Rydland: Kampen om Kervad

Kampen om KervadDet krev mykje å laga god fantastisk litteratur. Ikkje berre må forfattaren skapa personar me kan tru på; til tider må han eller ho òg byggja opp heilt nye samfunn og univers for lesaren. For at verda me les om, skal opplevast som noko meir enn berre kulissar, må forfattaren vita mykje meir om henne enn det me lesarar får ta del i. Geografi, historie, språk og kultur – alt må på plass. Dei fleste kjenner til det imponerande arbeidet til Tolkien, men me har i høgste grad folk som kan kunsten her til lands òg. Ein av dei aller flinkaste er Asbjørn Rydland, som står bak bokserien om Koll frå Kervad – Drakeguten.

Fyrste boka om Drakeguten var ein imponerande debut, der Rydland skildra store mytologiar og små detaljar på eit poetisk vis som til saman skapte eit levande og truverdige univers. Dei neste to bøkene i serien vidareutvikla kvalitetane frå debutboka, og den ferske fjerdeboka, som har fått tittelen Kampen om Kervad, er den beste i serien til no. Boka er meir spanande, med meir driv frå fyrste til siste side, utan at det på noko vis går ut over djupna eller kompleksiteten til boka.

Det har gått to år sidan dei dramatiske hendingane i Mørkemanaren. Landsbyen Kervad har gått gjennom store endringar, og landsbyrådet vert involvert i eit meir og meir komplisert politisk, militært og økonomisk spel. Men kven er fienden? Koll mistenkjer at ikkje alt er som det skal vera med handelsmannen Vigon Stralek. Slik sett er det eit godt grep av Rydland å ha nokre kapittel der me får sjå handlinga frå synsvikelen til nett Vigon Stralek.

Utdrag frå boka: