Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tone Nørvåg: Politihunden Falk (serie)

Politihunden_Falk_03Illustrert av Odd Henning Skyllingstad

Politihunden Falk til teneste!
Schæferhunden Falk har sin aller første arbeidsdag som politihund, saman med politibetjenten Hanne. Nokon har gjort hærverk på barneskulen om natta, og på kyrkjegarden er fleire gravstøtter velta. Falk må bruke sansane sine til å løyse oppdraget. Klarer Falk og Hanne å finne gjerningsmannen?

Politihunden Falk på nattevakt
Det er fleire enn Hanne og Falk som er ute denne natta. Dei får eit tips om mystiske lydar ved gullsmedbutikken i sentrum, og må rykkje ut. Det vert ei lang natt, men Falk vil vise kva han duger til. Saka må oppklarast!

Politihunden Falk på farleg oppdrag
I den tredje boka er temaet miljøkriminalitet. Mathias hamnar i ein svært vanskeleg situasjon medan han prøver å stanse ein båtførar som ikkje har reint mjøl i posen. Denne vintermorgonen vert absolutt ikkje slik Mathias hadde planlagt! Politihunden Falk og Hanne tek saka og gjer alt dei kan for å hjelpe han.

Utdrag frå ei av bøkene:

Fleire boktips

6–9
krim
9–12
9–12