Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kari Stai: Jakob og Neikob og det tomme rommet

Jakob og Neikob og det tomme rommetOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Jakob og Neikob og det tomme rommet – tverrfagleg undervisingsopplegg for 1.–4. klasse.

Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt.

– Vi treng ein sambuar, seier Neikob.

Dette er den tredje boka om Jakob og Neikob. Denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, endar i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner.

På ein humoristisk og underfundig måte formidlar forfattar og illustratør Kari Stai kvardagslege situasjonar også små barn kan kjenne seg igjen i. Boka eignar seg svært godt til høgtlesing. I tillegg inviterer forteljinga til samtalar kring vennskap, forsoning og ikkje minst jul.

Også visuelt sett er boka godt gjennomarbeidd, og ingenting er overlate til det tilfeldige. Vi kjenner att dei omvende blå- og raudfarga figurane frå dei to første bøkene om Jakob og Neikob. I tillegg får vi får møte ein ny kar, raudkledd og med kvitt skjegg. Kven er det skal tru?

Felles for alle dei tre bøkene om Jakob og Neikob er at Jakob seier ja til alt, og Neikob seier nei. Det kan få konsekvensar ingen av dei har tenkt over. For er det lurt å vere ei nikkedokke, ein som ikkje set grenser? Og er det sikkert at det beste svaret er nei, om du vert freista med noko morosamt?

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6